NRK Meny
Normal

Vest Tank kritiserer ordføraren

Vest Tank har ikkje fått hjelp frå Gulen kommune i det heile etter den dramatiske tankeksplosjonen i Sløvåg for fire veker sidan.

 Det seier administerande direktør Jostein Berland i Vesttank. Han er ikkje nådig i kritikken mot Gulen kommune og ordførar Trude Brosvik.

- Vi har ikkje fått kritikk frå Gulen kommune i det heile tatt. Vi har berre fått kritikk. Eg tykkjer det heile er uhøyrt, seier Berland.

 Fire veker etter den dramatiske tankeksplosjonen ved Vesttank sitt anlegg i Sløvåg i Gulen er det framleis sterk gasslukt. Gasslukta har ført til sår hals, rennande auge, hovudverk og til dels oppkast.

Ser raudt

Lokalbefolkninga fryktar at gassen skal vere helseskadeleg, og så langt har ingen kunna avkrefte med sikkerheit at gassen er helsefarleg. Og i går kom Gulen-ordførar Trude Brosvik med eit realt spark mot VestTank. Ho skulda mellom anna bedrifta for manglande informasjon og etterlyste skjerping frå leiinga. Dette har fått Jostein Berland til å sjå raudt.

- Vi har spurd kommunen om å få konstruktiv kritikk, og vi har bedt om møter. Men kommunen vil tydlegvis heller kritisere oss gjennom media, seier Berland.

Trude Brosvik avviser kritikken og meiner forholdet mellom kommunen og Vestttank ikkje er så dårleg som Berland vil ha det til.

GILGAMESH - Kongen som nekta å døy
"Parkslirekne er ein plagsam vekst".
Detaljane skal finpussast