NRK Meny
Normal

Ankar milliondom

Den tidlegare eigaren av Vest Tank i Sløvåg ankar milliondommen og varslar omkamp mot dei nye eigarane.

Frå rettssaka i Bergen tingrett.
Foto: MMS-foto: Trude Bakke / NRK

Trond Emblem vart dømd til å betale erstatning på 40 millionar kroner frå salet av Vest Tank, der to tankar eksploderte og brann opp i 2007.

I tillegg fekk ikkje Emblem igjen dei 30 millionane av salssummen Alexela Sløvåg hadde igjen å betale.

Les: Dømd til å betale erstatning

Jobbar med anken

Vest Tank-tomta vart seld til Alexela Sløvåg, som i rettssaka hevda dei hadde teke over ei søppeldynge i Sløvåg i Gulen.

Krangling om kjøpesum, opprydding etter eksplosjonen og gamalt avfall på tankane utløyste eit gjensidig søksmål på langt over 100 millionar kroner.

I dommen frå Bergen tingrett 3. juni tapte firmaet til Emblem på nesten alle punkt.

- Vi jobbar med anken no, seier advokat for Trond Emblem, Erik W. Raanes, til Bergens Tidende.

Var skuffa over dommen

Han vil ikkje gå ut med kva som er utslagsgjevande for anken.

Tidlegare har Raanes sagt at Emblem var skuffa over dommen og ikkje samd i karakteristikken frå Bergen Tingrett.

I dommen heiter det mellom anna at "en selger som så åpenbart fører kjøper bak lyset" ikkje kan krevje lågare kostnader.

Bønder føler seg ikkje trygge på vegen med traktor
Orkanen Tor var ikkje ekstrem nok
Ordninga bør endrast