Fantastisk løp gav VM-gull til Thingnes Bø

Johannes Thingnes Bø (18) gjekk som ei kule i sporet. Trass i to bom hamna han heilt øvst på pallen i dagens sprint i Kontiolahti.

Johannes

SLO TIL: Johannes Thingnes Bø avgjorde sprinten med fantastisk fart i sporet.

Foto: Ole Kristian Stoltenberg

I går var Thingnes Bø på stafettlaget som avslutta 35 års gulltørke i junior-VM for menn i skiskyting.

– Eg angreip frå start og gjekk knallhardt ut. Skytinga mi var god, og eg hadde fin kontroll, sa Thingnes Bø til NRK.no etter løpet i går.

Det var han som gjekk laget opp i tet, og der vart laget verande.

Heldt høg fart i sporet

I dag slepp han å dele øvste pallplassen med nokon. Thingnes Bø gjekk som ei kule i sporet. Han fekk ein bom på første skyting og gjekk ut på andreplass, vel seks sekundar bak franske Fabien Claude.

Inn til andre skyting var stryningen nok ein gong på førsteplass. Trass i nok ein bom, gjekk han ut på førsteplass med 22 sekundar ned til neste mann på lista, Maksim Ramanouski frå Kviterussland.

Var heilt suveren

Stryningen gjekk i mål på ein suveren førsteplass, heile 50,8 sekundar framfor kviterussaren, som var sjanselaus til å ta att turboguten frå Stryn i sporet.

Artem Tyshcenko frå Ukraina kom på tredjeplass.