Hopp til innhold

Veslebror Bø får sin debut i Kollen

Johannes Thingnes Bø får torsdag sin individuelle debut i verdscupen. Då skal han måle krefter mot verdas beste på heimebane i Holmenkollen.

Johannes Thingnes Bø

DEBUT: Torsdag skal Johannes Thingnes Bø gå verdscupsprinten i Holmenkollen. Dette blir hans individuelle debut i verdscupen.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Emil Hegle Svendsen er sjuk og må stå over verdscupsprinten i Kollen i dag. Dermed får reserven Johannes Thingnes Bø sin sjanse. Med dette får han sin individuelle debut i verdscupen, slår idrettssjef Per Botnan fast overfor Sunnmørsposten.

På same måte som storebror Tarjei Bø var Johannes plaga med sjukdom i oppkøyringa til sesongen, men no er han frisk og klar for å vise seg fram i sporet.

Den siste tida har han vist gode takter, seinast i helga var han med då laget frå Sogn og Fjordane sikra seg stafettgull under junior-NM.

Botnan meiner det er viktig å ikkje legge for stort press på 19-åringen frå Stryn i debuten.

– Det første målet han må ha er å kvalifisere seg til jaktstarten laurdag, det vil seie at han må vere blant dei 60 beste på sprinten, seier Botnan til Sunnmørsposten.

Også storebror Tarjei Bø er klar for sprintrennet i Kollen i dag.

Sprinten for menn kan du sjå på NRK1 og i nett-TV frå klokka 14.