Hopp til innhold

Ola og sambygdingane blir prøvekaninar for framtidas energiforbruk

Overdrive straumforbruk i deler av døgnet kan tvinge kraftselskapa til dyre utbyggingar av nettet. No testar bransjen nye metodar for å påverke forbruket i heimane våre.

Overdrive straumforbruk i deler av døgnet, kan tvinga kraftselskapa til dyre utbyggingar av nettet. No testar bransjen nye metodar for å påvirke forbruket i heimane våre.

TESTBYGD: Ola Lilloe-Olsen og sambygdingane i Hyen skal hjelpe kraftselskapa å finne gode løysingar for framtidas energiforbruk.

I den vesle bygda Hyen i Gloppen har innbyggjarane teke på seg rolla som prøvekaninar. Huseigarane har fått installert ein liten automatisk straummålar.

Slik skal dei hjelpe kraftselskapet Sogn og Fjordane Energi (SFE) å teste ut det som kan bli eit smartare straumforbruk i framtida. Ola Lilloe-Olsen synest det er spennande.

– Det at alle kjem heim klokka 16, set på komfyren, set elbilen på lading og gjer alt mogleg, og at ein difor må byggje nye kraftlinjer til alle småbygder... Det blir for dumt, seier han.

Alt kan ikkje skje samtidig

Men nettopp det kan skje. For kraftselskapa strevar når vi kjøper stadig fleire kraftige elektriske gjenstandar. På sikt kan det gi kollaps i straumnettet.

SFE sitt prosjekt, Smart Valley Hyen, håpar å finne løysingar som gjer at ein kan unngå storstilte utbyggingar av nye kraftlinjer.

– Utfordringa i dag er når alle skal gjere alt samtidig, og vi ikkje tek omsyn til kvarandre. Det er det vi prøvar å finne løysingar på, seier Ole Gaute Hovstad som er prosjektleiar i SFE.

Nye overvakingsmetodar skal testast ut slik at ein i framtida unngår at elbilane ladar seg samtidig som halve Norge kokar middag.

Nye straummålarar

Straummålarane som er på plass i Hyen skal i løpet av tre år inn i alle norske heimar.

– Straummålarane vil gi oss ny informasjon og betre kunnskap om kva som skjer. I tillegg får vi datasystem som hjelper oss å drifte systema på ein god måte, seier Hovstad.

Han seier målet er å finne løysingar der ein kan utnytte fleksibiliteten til kundane, og legg fram eit lokalt eksempel.

– Like i nærleiken har vi ein skule med symjebasseng. Det er ingen grunn til å varme opp vatnet i symjebassenget når det er knapt med straum. Det kan ein gjere på eit anna tidspunkt, når prisane er lågare og det er romsleg på straumnettet.

Får hjelp av datagigant

I framtida vil endå fleire av tinga i heimane våre kunne kommunisere med kvarandre, og teknologien vil automatisk kunne styre straumforbruket.

Men det tek tid å få desse systema på plass. Datagiganten Microsoft er med i prosjektet som rådgjevar.

– Det tek tid for marknaden å modnast. Det å jobbe med eit prosjekt som dette, som viser eksempel som er konkrete og verdiskapande, det håpar og trur vi er med å modne heile marknaden og er med å sette fart på den, seier Mikkel Orheim, direktør for Emea Busisness Lead Microsoft.

Ola Lilloe-Olsen håpar SFE lukkast.

– Om vi kan fordele forbruket litt smartare utover døgnet, og dermed unngå å måtte bygge nye store kraftlinjer, så synest eg det rettferdiggjer heile prosjektet, seier han.