Vert straffa for at heimkommunen vil ut av fylket

Stortingsrepresentant for Høgre, Bjørn Lødemel, manglar på fleire av nominasjonslistene til lokallaga før Stortingsvalet neste år.

Bjørn Lødemel på vegkonferanse i Geiranger

VALKAMP: Bjørn Lødemel (H) vil kjem for plassen som Stortingskandidat for Høgre.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

– Eg har vore klar over at dette kom til å verte ein krevjande prosess, seier Lødemel.

Tysdag sette Førde Høgre opp si nominasjonsliste framfor valet neste år. Der var ikkje Lødemel med. Også på nominasjonslistene til Sogndal, Balestrand og Høyanger Høgre er Lødemel fråverande.

Årsaka er å finne i at Lødemel sin heimkommune Hornindal har vedteke å slå seg saman med Volda, og blir difor ein del av Møre og Romsdal frå 2020.

– Det vert jo kanskje litt vanskeleg for Sogn og Fjordane Høgre å skulle fronte ein som skal inn i Møre og Romsdal. Eg trur Bjørn Lødemel hadde klart den rolla godt, men vårt ankepunkt er korleis veljarane vil tenke, seier Finn Ove Njøsen, som er gruppeleiar i Førde Høgre.

Hadde håpa på meir støtte

– Eg har jo fått ein del signal om at Hornindal sin moglege overgang til Møre og Romsdal vert sett på som utfordrande, så dette var ikkje uventa, seier Lødemel.

Han vedgår likevel at han hadde håpa på meir støtte.

– Det er ikkje til å legge skjul på at eg hadde håpa på meir støtte, men det viktigaste er at Sogn og Fjordane Høgre får ein representant på Stortinget.

– Det er tidleg i prosessen, men fire lokallag har sagt si meining, og er du klar til å kjempe for plassen?

– Eg ynskjer å kjempe. Eg meiner eg har mykje å tilføre Høgre og i forhold til Sogn og Fjordane i neste periode, seier Lødemel.

Atle Steinar Solheim vart overraska med nyheita om at han er ein av fem nominerte
Over 80 barn var samla på Jølstraholmen for å tjuvstarte adventstida med pynting av pepperkakehus.
Å levera lekser på nett er ikkje lett når internett-tilgangen er dårleg. 
Men det ER realiteten for mange skuleelevar i distrikta. 
Skilnadane er store, trass i at bruk av data får ein stadig større plass i skulen.