Hopp til innhold

Striden i Senterpartiet held fram - tidlegare generalsekretær vert skulda for skitpakke

Tidlegare generalsekretær i partiet, Steinar Ness, vert skulda for løgn og spreiing av skitpakkar. Skuldingane kjem frå den mektige fylkesleiaren i Nord-Trøndelag Senterparti, Thomas Iver Hallem.

Ness og Hallem

UHELDIG: Leiar i Nord-Trøndelag Senterparti, Thomas Iver Hallem (t.h.) likar dårleg brevet som Steinar Ness (t.v.) sende førre veke.

Foto: Vidar Gudvangen/Randi Lillealtern / NRK

I førre veke sende den tidlegare generalsekretæren frå Gaular, Steinar Ness, eit krasst brev til Nord-Trøndelag Senterparti der han skulda fylkeslaget for intrigemakeri for å få fjerna Liv Signe Navarsete som leiar.

– Eg synest det er uheldig at det i ein vanskeleg periode vert framsett usanne påstandar om oss. Vi er forundra over arbeidsforma til Ness. Vi har aldri opplevd noko liknande før, seier leiar i Nord-Trøndelag Senterparti,Thomas Iver Hallem.

Uroa rundt Navarsete

Navarsete valde å trekkje seg som leiar i Senterpartiet i januar etter fleire negative medieoppslag, blant anna etter at ho tok ein telefon til regjeringskollega Bård Vegar Solhjell for å få flytta vegtraséen på E16 gjennom Lærdalsdalen.

Ein del fylkesleiarar kravde også hennar avgang etter at striden mellom henne og dåverande olje- og energiminister Ola Borten Moe overskugga all politisk gjerning. I tillegg vart Navarsete og den politiske leiinga skulda for å vere lite synlege i valkampen.

I førre veke gjekk partiveteran Steinar Ness, frå Gaular, til åtak på enkeltpersonar i Nord-Trøndelag Senterparti.

I eit brev skulda Ness mellom anna Ivar Vigdenes i Trøndelag for å ha ei sentral rolle i det han kallar eit «intrigemakeri» kring Sp-leiar Liv Signe Navarsete.

Til Aftenposten sa Ness at Vigdenes har hatt eit klart ynskje om å svekkje Navarsete. Vigdenes sjølv ville ikkje kommentere brevet.

Sende svar per brev

Men leiaren i Nord-Trøndelag Senterparti, Thomas Iver Hallem, vil gjerne svare Ness.

Han skriv mellom anna følgjande i svarbrevet:

«Nord-Trøndelag Sp synes det er synd at du i en vanskelig periode for partiet framsetter uriktige påstander og prøver å svekke omdømmet vårt. Mandag 13. januar og tirsdag 14. januar tok du kontakt med to medlemmer av Sp i Nord-Trøndelag pr. telefon.

Gjennom dem oppfattet vi at du framsatte et krav overfor fylkeslaget om at vi skulle medvirke til at Ola Borten Moe trakk sitt kandidatur som nestleder i Sp. Det ble framført en rekke påstander for å underbygge kravet. Avslutningsvis forsto vi det slik at du truet med å offentliggjøre «drittpakker» for å skade partiet og Ola Borten Moe helt fram til landsmøtet 7. april om kravet ikke ble imøtekommet».

Er med og piskar opp stemninga

Den interne striden i Senterpartiet har i stod grad bakgrunn i om omstridde Ola Borten Moe bør halde fram som nestleiar i partiet eller ikkje.

Stortingsrepresentant Jenny Klinge, frå Møre og Romsdal, vil ha Ola Borten Mo som nestleiar og støttar kritikken mot Ness.

Jenny Klinge

STØTTAR IKKJE: Stortingsrepresentant for Sp frå Møre og Romsdal, Jenny Klinge, er ikkje samd med Steinar Ness.

Foto: Solum, Stian Lysberg / NTB scanpix

– Det han gjer er at han er med på å piske opp stemninga for å la det framstå slik at Ola Borten Moe ikkje er ønskt av partiet. Det synest eg er ille. Sjølv har eg prøvd å sitte stille i båten. Men når ei lita gruppe menn gjer alt dei kan for å gjere det vanskeleg for valkomiteen å føreslå Ola Borten Moe må eg seie ifrå, seier Klinge.

– Det er vel ikkje tvil om at trøndelagspartia også har drive eit spel her?

– Frå Liv Signe Navarsete trekte seg så har det vore tydleg at det er den andre fløyen i partiet som er mot Ola Borten Moe som har vore mest aktiv, seier Klinge.

Meiner det er delte meiningar i partiet

I ei tekstmelding til avisa Nationen skriv Ness at om nokon i Senterpartiet opplever sanninga som trugande eller som ein drittpakke er dei i store vanskar.

Stortingsrepresentant Kjersti Toppe frå Hordaland ønskjer å fjerne Borten Moe og gir full støtte til Ness.

Kjersti Toppe

STØTTAR: Stortingsrepresentant for Sp frå Hordaland, Kjersti Toppe, gir Steinar Ness si fulle støtte.

Foto: Vågenes, Hallgeir / VG

– Vi hadde ikkje hatt denne situasjonen dersom det berre var ei lita gruppe som ikkje ønskjer Ola Borten Moe vidare. Det er ganske delt i partiet, seier Toppe.

– Det som eg synest er bra og som vi må respektere er at Steinar Ness har gått ut med fullt namn. Han har følt på at han måtte gjere dette, seier Toppe.

– Ness blir skulda for å komme med drittpakkar - kva seier du til det?

– Det blir harde ord på kryss og tvers her. Eg har lese det han har skrive og hans bekymring for ein ukultur i partiet, og at at han følte på at han måtte gje beskjed om det, seier Toppe.

Ho er uroa for korleis folk oppfattar arbeidsklimaet i partiet.

– Vi må hugse at partiet er i ein heilt ekstraordinær situasjon. Vi står utan ei fungerande leiing. Både sentralstyret og arbeidsutvalet har stilt sine plassar til disposisjon, seier Toppe.

Ness har så langt ikkje ønskt å kommentere saka til NRK Sogn og Fjordane, men i ei tekstmelding til Nationen har han skrive «Om nokon i Senterpartiet opplever sanninga som trugande eller som ein drittpakke, er dei i store vanskar»