Hopp til innhold

Vert ikkje friske igjen

Talet på innbyggjarar i Gulen med helseplager etter Vest Tank ulukka er berre redusert med 20 prosent.

Det syner ein rapport som kommunelegane i Gulen og Masfjorden la fram for Folkehelseinstiuttet i dag.

Av arbeidarane i Sløvåg har nærare 50 personar framleis helseplager. Det er like mange som for eitt år sidan.

Kommunelegane tilrår at Folkehelsa gjer ei nærare gransking av helseplagene.