NRK Meny
Normal

2013 er verste ulukkesåret sidan 2004

Tolv trafikkdrepne, ein dramatisk tunnelbrann og tallause rasstengde vegar. Trafikkåret 2013 skriv seg inn i historia som eit av dei verste på lenge.

Dramatiske hendingar prega trafikkåret 2013

DRAMATISKE HENDINGAR: Trafikkåret 2013 i Sogn og Fjordane har vore prega av ei rekkje dramatiske hendingar. I august omkom to kvinner då to bussar kolliderte ved Fardal i Sogn. I april miste ei 15 år gamal jente livet då bilen ho sat i vart treft av ein stor stein. Vel 80 personar måtte bergast ut frå Gudvangatunnelen då ein semitrailer byrja brenne i starten av august.

Foto: Fotomontasje: Øyvind Nondal/Rune Sjøberg/Monika Blikås

– Eg tenkjer mykje på dei som saknar sine kjære som dei har mist i trafikken, og på alle dei som sit med skader etter ulukkene, seier fylkesleiar Audun Heggestad i Trygg Trafikk.

Eit tragisk og dramatisk år

Trafikkulukke i Våtedalen

TRE OMKOMNE: Romjula vart prega av dødsulukka på E39 i Våtedalen i Jølster.

Foto: Runar Sandnes

Han ser tilbake på det som må skildrast som eit tragisk og dramatisk år i trafikken i Sogn og Fjordane. Seinast i romjula omkom tre personar i ein frontkollisjon på E39 i Jølster. Ein ni år gamal gut og ein 49 år gamal mann får intensivbehandling

Medan fjoråret på landsbasis gav det lågaste tal trafikkdrepne sidan i 1950, har 12 personar omkome på vegane i Sogn og Fjordane. Året i år er det verste sidan 2004.

– Det har vore veldig mange dødsulukker i år. Det har vore langt over snittet dei siste åra.

– Vi har også opplevd ei rekkje store og stygge hendingar, så dette er rett og slett eit dårleg trafikkår, seier Heggestad.

Nils Magne Slinde, Statens vegvesen region Vest

HEILSVARTE MÅNADER: Slik skildrar Nils Magne Slinde haustmånadane med fleire dødsulukker.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Også avdelingsdirektøren i Statens vegvesen summerer opp trafikkåret 2013 som dramatisk.

– Vi har hatt eit dårleg år med tanke på trafikkulukker, spesielt etter sommarferien. Månadane sidan august, har med unntak av november, vore heilsvarte månader når det kjem til trafikktryggleik, seier Nils Magne Slinde til NRK.no.

Dyster statistikk

Når 2013 går mot ein slutt skriv den dystre statistikken over drepne i trafikken 12 omkomne i Sogn og Fjordane. Det er tre gonger så mange som i fjor då fire personar miste livet, og berre eitt år tidlegare på 2000-talet har tala vore dårlegare.

I 2008 miste ti personar livet, medan 13 personar omkom i trafikken i Sogn og Fjordane i 2004.

Den første dødsulukka på vegane i fylket skjedde i mars i år.

Ein mann i 20-åra vart 15. mars funnen omkomen etter ei utforkøyring ved Geithus mellom Årdalstangen og Øvre Årdal.

Vel to veker etterpå, den 28. mars, omkom ei 49 år gamal seksbornsmor frå Polen etter ein kraftig kollisjon på riksveg 15 ved Bryggja i Vågsøy. Ein dansk lege er sikta etter ulukka. Han var påverka av medikament og hadde ein fart på mellom 125 og 145 km/t då bilane kolliderte.

Den 26. april omkom ei 15 år gamal jente då bilen ho sat i vart knust av ei stor steinblokk på fylkesveg 55 mellom Sogndal og Hafslo.

Om ettermiddagen den 12. august vart det slått full alarm etter at to bussar kolliderte på riksveg 55 ved Fardal i Sogndal. Totalt var 30 personar involverte, ei norsk og ei taiwansk kvinne miste livet i frontkollisjonen.

I slutten av september omkom føraren av ein motorsykkel etter ein kollisjon med ein lastebil i Naustdalstunnelen på riksveg 5.

Andre juledag omkom tre personar då to bilar frontkolliderte på E39 i Våtedalen i Jølster. To personar vart moderat skadde.

(Artikkelen held fram under biletet)

Trafikkulukke ved Bryggja.

OMKOM: Bilistane stod over 100 meter frå kvarandre etter den veldige samanstøyten på riksveg 15 ved Bryggja. Ei 49 år gamal kvinne omkom.

Foto: Øystein Torheim

Tre dødsulukker på ein månad

Oktober vart ein heilsvart månad, med tre dødsulukker. Om natta den 6. oktober køyrde ein personbil av vegen på riksveg 13 i Vik, føraren ein mann i 30-åra miste livet.

Berre to dagar etterpå, den 8. oktober skjedde det igjen. Ei 19 år gamal kvinne miste livet då lastebilen ho køyrde hamna i sjøen mellom Nessane og Kvist på fylkesveg 55 i Balestrand.

Veka etterpå miste ein 61 år gamal mann livet etter ein kollisjon på fylkesveg 55 ved Hafslo.

– Finst det noko forklaring på kvifor året har blitt slik?

– Det er alltid ein risiko når ein ferdast i trafikken, og i år har denne slått veldig negativt ut. Tidlegare år har ein hatt ein del ulukker der det har vore flaks at det har gått så godt som det har gjort, og det er også tilfelle i år. Men i år har det vore fleire sterkt uheldige omstende, seier Heggestad i Trygg Trafikk.

– Vi må jobbe førebyggjande

Hans organisasjon jobbar året rundt med tiltak som har som mål å få ned dødstala i trafikken. Heggestad seier arbeidet med førebyggjande arbeid må prioriterast.

– Vi må gjere meir førebyggjande arbeid, og ein må gjere det heile tida, seier han og vedgår at han er uroa etter dei mange dødsulukkene i år.

– Kva kan ein gjere med det?

– Kvar enkelt må prøve forstå at trafikken kan vere veldig brutal, og ein må ha respekt for dei kreftene som er.

(Artikkelen held fram under biletet)

Ei 19 år gamal kvinne omkom etter ei utforkøyring ved Nessane

HAMNA I FJORDEN: Ei 19 år gamal kvinne omkom etter at lastebilen ho køyrde hamna i fjorden på fylkesveg 55 i Balestrand i starten av oktober.

Foto: Lars Jonas Pedersen / NRK

– Det verste med jobben

Som øvste leiar for Vegvesenet i Sogn og Fjordane blir Nils Magne Slinde alltid varsla når det skjer dødsulukker eller andre dramatiske hendingar på vegane.

– Dette er telefonar som kjem til alle døgnets tider, og når eg ser telefonnummeret til Vegtrafikksentralen midt på natta, så har eg ei aning om kva beskjed som kjem, seier Slinde som ikkje legg skjul på at dette er tunge telefonar å få.

– Vi blir alltid skaka når vi får telefonar om at nokon har mista livet i trafikken. Vi veit at det samtidig sit familiar som får same beskjeden, og som er i ein mykje vanskelegare situasjon enn oss.

Jobbar for å unngå nye ulukker

Ved dødsulukker og svært alvorlege ulukker i trafikken blir Statens vegvesen si ulukkesgruppe alltid send ut. Jobben deira er å forsøke finne svar på kvifor det gjekk som det gjekk.

– Dei gjer analysar på ulukkesplassen og ser om det er liknande trekk ved andre ulukker, om det er noko med vegen, eller om det er noko med føraren eller køyretøyet.

– Det viktigaste for oss som etat er å lære av ulukkene, slik at vi kan gjere forbetringstiltak som hindrar at slike ulukker skjer igjen, seier Slinde.

(Artikkelen held fram under biletet)

Montasje Gudvangatunnelen

BRANN I TUNNEL: Brannen i Gudvangatunnelen i august har sett sitt preg på trafikkåret 2013.

Foto: Johan Moen/Jørn Scholz/Arne Veum / Montasje/NRK

80 personar innesperra i røykfylt tunnel

Den dramatiske brannen i Gudvangatunnelen på E16 i Aurland i august har også sett sitt preg på trafikkåret 2013.

Klokka 12.10 den 5. august kom den dramatiske meldinga om at ein semitrailer stod i fyr inne i Gudvangatunnelen. Brannen utvikla seg raskt, og på kort tid vart vel 80 personar innesperra i ein tunnel som var stummande mørk og heilt røyklagd.

– Meldingane vi fekk om brannen var svært dramatiske. Vi kalla inn til krisestab umiddelbart, og i dei første timane før vi fekk tilbakemelding på at folk var redda ut var det ein svært lite kjekk situasjon å vere i, fortel Slinde.

Strekte grensene for å berge liv

Men det gjekk heldigvis bra. Brannvesenet som tok seg inn i tunnelen gjorde ein heroisk innsats og har sjølv vedgått at dei strekte grensene for kva som var forsvarleg for å berge ut alle som var innesperra.

Rundt 80 personar vart berga ut av tunnelen, 70 av dei vart sende til sjukehus. Til alt hell omkom ingen, og berre eit fåtal fekk alvorlege skader.

Det har i ettertid kome fram at svært mange av dei som opplevde infernoet i tunnelen har fått seinskadar i form av psykiske etterverknader, kjensler av klaustrofobi og hoste.

– Vi er sjølvsagt veldig glade for at ingen omkom, men det var tydeleg at skadepotensialet var enormt, grøssar Audun Heggestad i Trygg Trafikk.

(Artikkelen held fram under biletet)

Audun Heggestad

DYSTERT ÅR: Audun Heggestad i Trygg Trafikk seier trafikkåret 2013 er prega av ein dyster statistikk på talet dødsulukker. Han ber alle trafikantar om å ta ansvar for å hindre at statistikken neste år blir like dyster.

Foto: Karl Kristian Langeland / NRK

Ber alle bilistar ta lærdom

Den 28 år gamle polske lastebilsjåføren som køyrde semitraileren vart kort tid etter brannen fråteken førarkortet og sikta. Siktinga gjeld for å ha ført eit køyretøy han visste at ikkje var i forsvarleg stand, noko politiet meiner kunne ha ført til at menneskeliv gjekk tapt.

Heggestad meiner det er viktig å ta lærdom av det som skjedde.

– Alle som ferdast i trafikken må tenkje seg godt om, og ikkje utsette seg sjølve eller andre for fare. Om ein til dømes ikkje har eit trygt nok køyretøy bør ein halde seg unna vegane.

– Kvar enkelt av oss, både personbilførarar og førarar av tunge køyretøy må ha eit bevisst forhold til dette, meiner Heggestad.

– Burde fungert også tidlegare

Brannen førte til store skader på den sterkt trafikkerte tunnelen på E16. Frå brannen i starten av august gjekk det ein månad før tunnelen kunne opne for fri ferdsel igjen, i mellomtida vart det lagt ned ein omfattande arbeid med reparasjonar og utbetringsarbeid. Samla er prislappen sagt å kome på opp mot 50 millionar kroner.

Fire etatar har bestemt seg for å sjå nærare på brannen i Gudvangatunnelen. Både Vegvesenet, politiet, Direktorat for tryggleik og beredskap (DSB) og Statens Havarikommisjon skal alle gjere parallelle undersøkingar og skrive kvar sine rapportar.

I tillegg har Statens vegvesen og Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap varsla at dei startar eit omfattande nasjonalt arbeid for å betre redningsarbeidet ved brann i tunnel.

Det set Heggestad i Trygg Trafikk stor pris på, men:

– Det er positivt at ein set i gang eit slikt arbeid, men vi meiner det er mange system som burde ha fungert også tidlegare. Ein bør vere trygge på at ting fungerer når ein opnar for trafikk på vegnettet, seier han.

(Artikkelen held fram under biletet)

Den svenske turistbussen som frontkolligerte i Fardal, Sogn og Fjordane

TO OMKOM: To kvinner omkom då dei to bussane frontkolliderte i Fardal i sommar.

Foto: Blom, Christian / NTB scanpix

Bussar kolliderte front mot front

Stenginga av E16 ved Gudvangatunnelen førte til auka trafikk på fleire av omkøyringsvegane. På riksveg 55 mellom Hella og Sogndal auka trafikken med tusen fleire køyretøy i døgnet.

Kor vidt den auka trafikkmengda var medverkande årsak er uklart, men berre ei veke etter tunnelbrannen gjekk katastrofealarmen igjen.

To bussar hadde kollidert front mot front på riksveg 55 ved Fardal i Sogndal. To kvinner, ei norsk og ei taiwansk, miste livet, medan to personar fekk kritiske skader.

Miste ein av sine eigne

Den 24 år gamal kvinna frå Ålesund som miste livet hadde sommarjobb i Statens vegvesen, og var på veg til Sogndal etter at arbeidsdagen var over.

– Alle dødsulukker går inn på oss, men denne ulukka vart endå meir spesiell fordi det var ein av våre sommarvikarar som miste livet, seier Nils Magne Slinde i Vegvesenet.

– Det vart lagt ned mykje arbeid for å ta vare på kollegaer og på familien hennar, og ulukka gjekk dermed endå meir inn på oss, seier han.

Føraren av den svenske turistbussen er sikta for aktlaus køyring, og rekonstruksjonen av ulukka viste av den svenske bussen hadde kome delvis over i motgåande køyrefelt. Det er venta at saka vil bli ferdig etterforska først ut i 2014, førebels har den 54 år gamle svensken ikkje erkjent straffskuld.

(Artikkelen held fram under biletet)

Bilulukka ved Årøytunnelen

KNUST: Bilen den 15 år gamle jenta sat i vart knust av den store steinblokka. Føraren, ein mann i 20-åra vart lettare skadd.

Foto: Rune Sjøberg

Bil knust av steinblokk – jente (15) omkom

Ras er noko det går mange av langs vegane i Sogn og Fjordane. I løpet av året har tallause vegar vore stengde på grunn av ras og rasfare, og hundrevis av bilistar kikar kvar dag litt usikkert opp i fjellsidene.

Heldigvis går det sjeldan liv når rasa treff vegane, ofte med veldig kraft. Men 26. april skjedde det mange fryktar.

Ei 15 år gamal jente omkom då bilen ho sat i vart knust av ei stor steinblokk på fylkesveg 55 mellom Sogndal og Hafslo. Undersøkingar viste at issmelting og ujamt underlag var årsaka til at den fleire tonn tunge steinen losna i fjellsida.

– Det er ufatteleg urettferdig

– Denne typen ulukker er så ufatteleg urettferdige, dei råkar heilt tilfeldig, seier avdelingsdirektør Nils Magne Slinde i Statens vegvesen.

– Vi veit, som alle som bur i fylket, at dette kan skje nesten kor som helst. At ei steinblokk losnar ein stad der det vanlegvis ikkje går steinsprang, det kan skje fleire plassar.

– Når ein er så uheldig og er på feil plass til feil tidspunkt må det kjennast ufatteleg urettferdig.

– Kan ikkje sikre oss 100 prosent

Dei seinare åra har Vegvesenet fått stadig meir pengar til rassikring, men likevel er det ei rekkje vegstrekningar som blir rekna som rasfarlege.

I det siste har det også stadig oftare gått ras på nye plassar.

– Dessverre er dette ein del av naturen vi lever i. Dette er også ulukker der eg opplever at bilistane har full forståing for at vi ikkje kan gardere oss 100 prosent.

– Det er ein viss risiko for slike ulukker, uansett kva sikringstiltak ein set i verk, seier Slinde.

(Artikkelen held fram under videoen)

Created by InfoDispatcher

STEINRAS: Ekteparet i Veitastrond var nære ved å få bilen knust av ein stor stein som dundra ned i vegen i midten av desember.

– Mykje flaks

Historiene om bilistar som har sloppe frå det med skrekken har blitt mange i Sogn og Fjordane. Seinast i midten av desember prisa eit ektepar frå Veitastrond seg lukkelege for at dei var i live , etter at dei køyrde inn i ei stor steinblokk på veg heim.

Vel ein månad før, fredag den 15. november, køyrde ein ekspressbuss med 30 personar om bord inn i eit ras på riksveg 15 i Stryn. Med gjørme til livet fekk dei berga seg ut av bussen og fekk frå raset, like etter gjekk eit nytt ras.

– Det er mange gonger det går ras og det berre er mykje flaks som gjer til at liv ikkje går tapt, seier Heggestad i Trygg Trafikk.

– Geologane har eit stort ansvar

Etter at det har gått ras stiller alle seg spørsmålet om det er trygt å rydde vegen, og opne den for trafikk att. Går det ras i mørket er hovudregelen at det ikkje blir rydda før ein har sett på rasløpet i dagslys. Ofte sender Statens vegvesen geolog til staden for å vurdere sleppområdet, og vurdere faren for nye ras.

– Geologane våre har eit stort ansvar, og vi passar alltid på å gje dei den tida dei treng. Vi opnar aldri vegane før dei gir klarsignal.

– Dei skal ha dagslys og gode arbeidsforhold, og er dei i tvil om at det er trygt å opne, så held vi vegen stengd litt lenger, seier Nils Magne Slinde i Vegvesenet.

(Artikkelen held fram under biletet)

Riksveg 55 er stengd etter at store steinar rasa ned ved Ylvisåker

STENGDE VEGEN: Riksveg 55 vart stengd i halvanna døgn etter at store steinar rasa ned ved Ylvisåker.

Foto: Ole Kristian Åset/Vegvesenet

– Bommar nesten aldri

– Geologane våre er ute i all slags vêr. Er det ikkje helikoptervêr går dei til fots opp i fjellsida for å sjekke om det er trygt å opne vegen, seier Slinde.

– Eg er imponert over jobben dei gjer. Det er nesten ikkje bom i deira vurderingar. Om dei seier vegen kan opne, går det sjeldan ras etterpå. Om dei seier vegen må haldast stengd lenger kjem det ofte ned meir i same rasløpet.

– Vi har stor tillit og respekt for jobben dei gjer, seier avdelingsdirektøren.

– Risikoen blir stadig mindre

Ras og rasfare er noko dei fleste i Sogn og Fjordane har akseptert at vi berre må leve med. Men det betyr ikkje at ein skal slå seg til ro med problemet, meiner Slinde.

– Ein må akseptere ein viss restrisiko på dei vegane der det ikkje typisk går ras. Men vi må ikkje finne oss i at det ikkje blir gjort tiltak på dei vegane der det er ofte går ras. I løpet av dei siste 10–20 åra har vi fått vekk dei desidert verste raspunkta, seier han og nemner Bogstunnelen på E39 og Stedjebergtunnelen og Fatlabergtunnelen på riksveg 55 i Sogndal som eksempel.

Slinde meiner risikoen for at bilistar skal bli råka av ras er betydeleg mindre enn for berre nokre år sidan, men er klar på at arbeidet med rassikring må halde fram. Han gler seg over at politikarane prioriterer pengar til rassikring.

– Etter kvart som vi får jobba oss nedover lista over rasfarlege vegar vil vi kunne sikre vegar der det også er lågare rassekvens, og risikoen vil bli mindre og mindre.

(Artikkelen held fram under videoen)

Ein ekspressbuss med 30 personar ombord køyrde inn i eit ras på rikveg 15 ved Hjelle fredag kveld. Ingen vart skadde, men 19 av dei i alt 30 passasjerane sit framleis innesperra i eit bustadhus i området. Foto: Roger Vik

BUSS KØYRDE INN I RAS: Til alt hell kom alle frå det utan skader då ein ekspressbuss køyrde inn i eit ras på riksveg 15 i Stryn i november.

– Vil stengje før det skjer noko

Det er ofte når uvêret herjar at det går ras langs vegane. I midten av november slo ein veldig hauststorm inn over fylket, og lista over stengde vegar på grunn av uvêr, ras og rasfare vart desse dagane lang som eit vondt år.

– I slike situasjonar er det viktig at vi held hovudet kaldt og passar på at entreprenørane ikkje blir pressa ut i usikre situasjonar.

Når det blir varsla dårleg vêr og det er tydeleg at faren for ras går opp, vel Vegvesenet ofte å stengje vegen før det skjer noko.

– Vi ønskjer eigentleg å stengje flest mogleg vegar før raset går, dette er utfordrande og vanskeleg.

– Vanskelege vurderingar

I samband med uvêret i midten av november vart fleire vegar stengde, vegar Vegvesenet meinte var spesielt rasutsette.

– Ein stad gjekk det ras, ein annan ikkje. Då opplever vi at vi får kritikk av bilistane om vi ikkje stengjer, og det går ras. Og om vi stengjer, og det ikkje rå ras.

– Så dette er vanskelege vurderingar, der det einaste vi kan basere oss på er den statistikken vi har om ras og våre folk som kjenner områda, seier Slinde.

(Artikkelen held fram under biletet)

Fethi Cagiran

OPPGITT: Fethi Gagiran vart ståande på kontrollstasjonen på Håbakken i Lærdal i over ei veke før han fekk reise vidare.

Foto: Anna Gytri / NRK

Stoggar farlege køyretøy

Vegvesenet jobbar for å sikre trygge vegar på mange frontar. Rassikring, og nye vegar er ein del av det, kontrollar av køyretøy er ein annan.

Slinde seier det er viktig for dei å halde fast på dei positive tinga dei gjer for å unngå ulukker i trafikken.

– Vi ser at vi hindrar mange ulukker med det arbeidet vi gjer. Det kan vere med at vi til dømes får sett opp rekkverk langs ein veg, eller ved at vi fangar opp bilar og førarar når vi har køyretøykontrollar.

Ville heller ha blitt stogga på grensa

På Vegvesenet sin kontrollstasjon på Håbakken ved E16 i Lærdal blir det kvart år stogga fleire hundre tunge køyretøy. Her avdekker dei brot på køyre- og kviletid, dårlege bremser, manglande lastesikring eller ulovleg kabotasjekøyring for å nemne noko.

Ein av dei som vart stogga der i år var 37 år gamle Fethi Cagiran frå Tyrkia. Semitraileren hans var stogga med 12 tonn overlast, bremser som ikkje var gode nok og han hadde sommardekk på 26 av 30 hjul. Før han fekk reise vidare måtte bøter på til saman 70.000 kroner betalast.

Sjølv var han frustrert over norske styresmakter som ikkje hadde stogga han på grensa.

– Hadde dei stoppa meg på grensa og sagt dette ikkje var lov, hadde eg ikkje hatt dei store problema eg har no, sa han til NRK.no.

Tollvesenet svara med at dei ikkje har kapasitet til å kontrollere alle på grensa, og understreka at straffa hadde blitt den same.

(Artikkelen held fram under biletet)

Skredestranda

STORT RAS: Raset i Skredestranda førte til at riksveg 15 var stengd i ei veke i samband med opprydding og reparasjonar.

Foto: Jan Helge Aalbu / NRK

Store ekstrautgifter

Uvêret og dei mange rasa uvêrshelga i midten av november førte til store skader på mange vegar.

Langs Skredestranda på riksveg 15 mellom Nordfjordeid og Stryn vart nær 300 meter med veg dekt av stein, jordmassar, tre og rotvelter. Skadane var omfattande, og ryddearbeid og reparasjonar gjorde at vegen vart stengd i ei veke. Berre her gjekk det med fire millionar kroner, totalt er prislappen på 30 millionar.

Slike store ekstrautgifter har det blitt fleire av i løpet av 2013. I tillegg til 30 millionar til opprydding og reparasjonar etter uvêrshelga, kosta brannen i Gudvangatunnelen Vegvesenet 50 millionar kroner. I begge tilfelle er dette pengar Vegvesenet i utgangspunktet ikkje har.

– I Norge har vi ein god tradisjon på at når det oppstår ekstraordinære situasjonar som dette, så får vi tildelt ekstramidlar som dekker dei meirutgiftene som vi har, seier Slinde, og uroar seg ikkje nemneverdig for ekstrakostnadane.

Fekk bru etter 40 års kamp

Sjølv om trafikkåret 2013 i Sogn og Fjordane er prega av tragiske og dramatiske hendingar, finst det også fleire lyspunkt. Blant dei Slinde vil trekkje fram er opninga av Bremangersambandet 2 og Dalsfjordsambandet.

I over 40 år har folk i både Fjaler og Askvoll kjempa om ei bru over Dalsfjorden. 14. desember var dagen endeleg komen for høgtideleg opning og om lag 3000 personar var med på feiringa.

– På vegopninga av Dalsfjordsambandet var det fleire tusen personar møtte opp på opningsarrangementet.

(Artikkelen held fram under biletet)

Opning av Dalsfjordbrua

OPNA BRUA: I desember var det endeleg klart for opning av Dalsfjordbrua, og mange prominente gjester var på plass. Frå venstre: Vegdirektør Terje Moe Gustavsen, Fjaler-ordførar Arve Helle, fylkesordførar Åshild Kjelsnes, Askvoll-ordførar Frida Melvær og regionvegsjef Helge Eidsnes.

Foto: Alf Vidar Snæland

– Nye vegar som betyr mykje

– Då får du inntrykk av kor utruleg mykje vår aktivitet betyr for mange, og kor glade folk er for å få nye vegsamband.

Både opninga av Dalsfjordsambandet og Bremangersambandet 2 får store ringverknader for kommunane rundt, meiner Slinde.

– Både i Fjaler, Askvoll og i Bremanger ser vi at folk opplever ein heilt anna situasjon med nye vegar. Dei nye vegsambanda gjer at dei kan skape utvikling, dei kan effektivisere den daglege drifta og dei kan leve på ein annan måte, seier Slinde.

– Ikkje øydelegg gevinsten med nye vegar

Audun Heggestad i Trygg Trafikk gler seg også over framskritta i året som har gått.

– Nokre eksempel er at vi ser at det går framover med tanke på løyvingar til rassikring, og vi får stadig fleire nye vegar med gode rekkverk og god asfalt.

– Samtidig er det viktig å hugse på at ein ikkje må øydelegge gevinsten med nye vegar ved å auke farten, seier Heggestad.

Vegopning på Bergum i Førde kommune