Hopp til innhold

Sogn og Fjordane er det fylket som har størst auke i talet på omkomne i trafikkulukker

Sogn og Fjordane er det fylket i landet som har mest negativ utvikling når det gjeld dødsulukker i trafikken.

Bussulukke i Fardal

TO OMKOMNE: To kvinner miste livet då to bussar kolliderte i Fardal i Sogndal 12. august.

Foto: Anders Veberg / NRK

Til no i år har ni menneske mist livet i vegtrafikken i Sogn og Fjordane - i same perioden i fjor var talet to, går det fram av statistikken til Trygg Trafikk. Berre i oktober i år omkom tre personar.

Det gjer at Sogn og Fjordane saman med Sør-Trøndelag var det fylket som hadde flest omkomne denne månaden.

«Uverkeleg» lågt tal i 2012

Men også i resten av landet peikar pilene feil veg. I perioden januar til oktober har 158 menneske mist livet i trafikkulukker, i same perioden i fjor 127. I heile 2012 var talet 145 omkomne.

Men talet i 2012 var så lågt at direktør Jan Johansen i Trygg Trafikk kallar det «uverkeleg».

Han ber no trafikantane om hjelp til å stanse den negative utviklinga i 2013.

– Vi veit kva som fører til flest alvorlege ulukker. Det er fart og manglande merksemd frå bilistane. I tillegg er det mange omkomne som ikkje har brukt bilbelte.

Roser der dødsulukka skjedde

ROSER I VEGKANTEN: I mars omkom ei ung jente då bilen ho sat i vart treft av stein i Årøy mellom Sogndal og Hafslo.

Foto: Ole André Rekkedal / NRK