Hopp til innhold

Verprofet: Slik blir veret i 2013

– Det blir til å leve med, men heller ikkje meir. Slik oppsummerer verprofet Magnus Skildheim vêret for 2013.

Slik trur han veret blir neste år.

SJÅ VIDEO: Slik trur verprofet Magnus Skildheim at vêret blir i 2013. Foto: Anders Veberg/NRK

Når eit nytt år står for tur, er vêret ein ting mange tenkjer på. Korleis blir skiføret, når kjem våren og blir det fine badetemperaturar i året som kjem?

80 år gamle Magnus Skildheim i Vadheim har i over 60 år spådd korleis vêret skal bli. Han studerer månefasar, fører statistikk og brukar teikn i naturen når hal skal finne ut om det blir varmt eller kaldt, tørt eller vått.

– Skal vi gå etter månefasar, får vi mange nordvest-månar og aust-månar i 2013. Det betyr at vi får eit ustabilt vêr, seier han.

Magnus Skildheim

TEIKN I NATUREN: Magnus Skildheim kan spå vêret mellom anna ved å observere fuglane.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK
Magnus Skildheim

VERPROFET: Magnus Skildheim har spådd vêret i over 60 år.

Foto: Gro Ravnestad / NRK
Magnus Skildheim

Magnus Skildheim bruker almanakk og statistikk for å spå vêret.

Foto: Birger Meland / NRK
Trur på fin påske

Skildheim seier det kan komme ein del snø, mest i mars. Men også januar kan bli kvit, men det blir mildare enn normalt.

– Vil du seie at det blir ein bra vinter?

– Det kan hende den kan bli forholdsvis bra, men vi får ein god del nedbør. I mars månad ser det ut til det blir skiftande vêr, men påska i sluten av mars blir fin, trur han.

Regn på 17. mai

Ifølgje Skildheim kjem våren for fullt i slutten av april eller byrjinga av mai.

– I mai blir det først bra vêr, men det ser ut til at det blir regn på nasjonaldagen. Eg er redd for det, ja. Pinsehelga blir temmeleg blaut.

Det er ikkje særleg oppløftande med tanke på at 17. mai er fredagen før pinsehelga slik at det for mange blir ei skikkeleg langhelg.

– Det som er faren, er at når vi får ei fin påske, så kan vi få kulde i mai. Det har skjedd fleire år no, seier han.

– Du blir neppe brun

Skildheim ser også fram mot sommaren, og er heller ikkje særleg optimistisk med tanke på godvêr.

– Første delen av fellesferien kan bli bra, men ikkje så mykje fint vêr då heller. Eg trur ikkje du blir så veldig brun i sommar, sjølv om det kan blir korte periodar med varmt vêr. Du må iallefall ikkje rekne med å kunne tørke høyet flatt på bakken i sommar.

Korleis ser du så langt på førehand om det blir ein periode med varme?

– Vi må gå etter almanakken og sjå kor tid det blir nymånar. Det lyt vi gjere om vi skal spå langt fram.

– Når byrjar sommaren for fullt?

– Det kan hende den byrjar rundt jonsok, eg trur ikkje vi skal vente den så lenge før.

Seinsommaren blir fin

Sjølv om Skilheim ikkje er særleg optimistisk når det gjeld det første halve året, trur han på ein fin seinsommar.

– Den kan vare både i august og september. Det er flott å kunne gå på hjortejakt i fint vêr. Seinsommaren i fjellet kan vere veldig vakker. Hausten ser ut til å bli bra, med fine periodar slik som i 2012.

– Du spådde tidleg dette året at jula skulle bli kvit i 2012. Torer du å spå så langt fram som jula i 2013.?

– Slik det ser ut no, så skal du ikkje sjå vekk frå at den blir kvit.

– Korleis vil du oppsummere vêret i 2013?

– Det blir til å leve med, men heller ikkje meir, humrar han.

Skeptisk meteorolog

Statsmeteorolog Anne Solveig Andersen ved vervarslinga i Bergen meiner veret er eit så kaotisk system at det er vanskeleg å sjå langt fram i tid.

Vi meiner at dette ikkje er så lett. Vi lagar sesongvarsel, men det sler ikkje alltid like bra til. Det er mange ting som påverkar veret.

Ho seier dei stort sett held seg til dei næraste dagane.

– Eit lågtrykk lever i fem til sju døgn. Ei veke er lang tid når det gjeld veret, seier ho.