NRK Meny
Normal

Veronica-saka: Resultatet av obduksjonen vert ikkje offentleggjort før søndag

Resultatet av obduksjonen av kvinna som vart funnen død i Barsnesfjorden i Sogndal fredag blir ikkje offentleggjort før søndag. Dermed må familien til Veronica Heggheim Stegegjerdet (22) vente nok ein dag på svar.

Veronica Heggheim Stegegjerdet

VENTAR PÅ SVAR: Familien til Veronica Heggheim Stegegjerdet ventar framleis på svar. Til høgre køyrer Sogn gravferdshjelp sin bil vekk frå staden der ei død kvinne vart funnen fredag. Kvinna er ikkje identifisert.

Foto: Privat/Christian Blom

Sogn og Fjordane politidistrikt opplyser laurdag kveld at resultatet frå Gades institutt i Bergen, som gjennomfører obduksjonen, kjem tidlegast på dagtid søndag.

Kripos, som bidrog i Sogndal fredag, hjelper til med obduksjonen.

– Vi har sendt to teknikarar til Bergen for å hjelpe til med obduksjonen. Eg reknar med at den blir gjennomført i løpet av dagen, sa Mats Mogeland, vaktleiar på desken hjå Kripos, til NRK laurdag føremiddag.

– Familien har det veldig tøft

Fredag fann politiet ei død kvinne i Barsnesfjorden, i nærleiken av bustaden til den sakna kvinna. Familien skildra det som ein veldig tøff dag, men venta som poliltiet på obduksjonsrapporten.

– Familien har det veldig tøft. Vi har hatt kontakt med politiet i heile dag. Familien forheld seg til den informasjonen vi til ei kvar tid får frå politiet, sa bistandsadvokaten til familien, Synne Catrin Øren, til NRK fredag kveld.

Heggheim Stegegjerdet vart sist sett laurdag 25. oktober. Sidan Heggheim Stegegjerdet vart meld sakna tysdag 28. oktober har det vore gjennomført omfattande leiteaksjonar og poltietterforsking.

(Artikkelen held fram under biletet)

Funnstad ved Barsnesfjorden i Sogndal.

FUNNSTAD: Her i dette området vart ei død kvinne funnen fredag ettermiddag litt før klokka 13.30.

Foto: Halvor Farsund Storvik

– Fleire spørsmål enn svar

Den førebelse obduksjonsrapporten er venta søndag. Kvinna som vart funne fredag er ikkje identifisert.

Bistandsadvokaten sa fredag at familien meir enn noko anna ventar på svar på kva som har skjedd med Veronica.

– Dei håpar å få svar på kva som har skjedd. Uavhengig av dagens funn er det framleis fleire spørsmål enn svar, sa Øren.

Skal ha vore utsett for trugslar og vald

NRK fortalde fredag at Veronica skal ha blitt utsett for trugslar og vald. Trugsmåla og valden ho vart utsett for skal ha kome frå eit belasta miljø i Sogndal.

NRK veit at politiet i Sogn har hatt eit ekstra fokus retta mot ein del personar i Veronica sin utvida omgangskrins etter forsvinninga. Fleire av desse har vore inne til avhøyr på Sogndal lensmannskontor.

Avhøyra skal vere ein viktig del av politiet sitt arbeid med å prøve å kartleggje den sakna kvinna sine rørsler både i tida før ho forsvann, men også i dagane som gjekk frå ho sist blei sett laurdag 25. oktober til ho formelt vart meld sakna 28. oktober klokka 16.49.

NRK har konfrontert politiet med opplysningane om vald og trugslar fleire gonger, men politiet har ikkje villa kommentere det. Heller ikkje fredag kveld ville lensmann Asle Karoliussen svare på dette.

– Eg har ingen kommentarar. Vi har jobba breitt og etterforska opplysningar som vedrører forsvinninga og den sakna kvinna. Så får vi sjå kva svar vi får på dei ulike problemstillingane etter kvart, og kva utfordringar det gir oss vidare, sa han.

NRK presiserer at ingen av dei som har vore til avhøyr i forsvinningssaka har status hos politiet som noko anna enn vitne.

Vil ikkje spekulere på kriminelle handlingar

Lensmann Asle Karoliussen ville fredag kveld ikkje spekulere i kva som har skjedd med Veronica, eller om politiet mistenkjer at ho har vorte utsett for noko kriminelt.

– Vi har ikkje noko meining om det så langt. Vi har gjort eit funn, og så får vi ta det vidare sett i forhold til dei opplysningane funnet gir oss når vi får gjort dei undersøkingane vi må gjere, sa Karoliussen.

– Trur de funnet vil hjelpe dykk til å finne ut kva som faktisk skjedde?

– Vi har lenge håpt at vi skulle gjere funn for å kome oss vidare i saka. Men det gjenstår å sjå kva opplysningar funnet gir oss, sa lensmannen.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser