Hopp til innhold

Veronica-saka: Politiet ventar på svar på Kripos-prøver

Torsdag vart mannen som er sikta for lekamskrenking mot Veronica sett fri, men siktinga er ikkje endra, og politiet etterforskar framleis for fullt.

Årøy

VENTAR PÅ SVAR: Politiet etterforskar framleis dødsfallet til Veronica Heggheim Stegegjerdet som mistenkeleg, og ventar no på svar på prøvar som Kripos skal analysere.

Foto: Geir Bjarte Hjetland

– Per i dag er det inga endring i siktinga, seier regionlensmann Arne Johannessen.

Mannen i 40-åra er framleis sikta, både for narkotikalovbrot, falsk forklaring i Veronica-saka og lekamskrenking mot Veronica Heggheim Stegegjerdet.

Mannen vart først sikta for falsk forklaring, men denne vart i desember utvida til også å gjelde vald mot kvinna. I tillegg er han sikta for omgang med kring ein kilo hasj.

Torsdag vart han sett fri, fordi Sogn tingrett ikkje finn grunnlag for mistanke om vald mot Veronica, og politiet langt på veg ser seg ferdige med etterforskinga av narkotikasaka.

Ventar på svar frå Kripos

Heggheim Stegegjerdet vart funnen død i Barsnesfjorden 14. november, ikkje langt frå heimen sin i Årøy i Sogndal, etter omfattande leiteaksjonar og søk i nær tre veker. Dødsfallet blir etterforska som mistenkeleg.

– Me har etterforskarar som jobbar med dette på fulltid her i Sogndal. Me har og diverse prøver som ligg hjå Kripos for analyse. Det er ein god del arbeidsoppgåver som står att. Me vil fortløpande vurdere kva som blir den vidare innsatsen i saka.

Arne Johannessen

LENSMANN: Arne Johannessen.

Foto: Christian Blom / NRK

Han vedgår at det er færre som jobbar med saka, men seier det ikkje betyr at etterforskinga er trappa ned.

– Det betyr berre at me har færre arbeidsoppgåver per i dag, men det kan endre seg. Me har som sagt ein del ting som ligg hjå Kripos for analyse, seier Johannessen.

Ny vurdering neste veke

Førre onsdag vart hovudkonklusjonen i obduksjonsrapporten kjend. Den var at Veronica døydde av drukning. Lensmannen vil ikkje seie meir om innhaldet, av omsyn til etterforskinga.

Men han kan fortelje at politiet ikkje har nye personar i søkelyset når det gjeld det mistenkelege dødsfallet. Neste veke kan det bli klart kva som skjer med siktinga mot mannen i 40-åra.

– Neste veke vil me sjå på vegen vidare og kva arbeidsoppgåver som står att, saman med Kripos og etterforskarane i saka. Når me ser oss ferdige med etterforskinga er det opp til påtalemakta å vurdere kva dei vil gjere når det gjeld tiltalen, seier Johannessen.