Hopp til innhold

Fann død kvinne - Kripos på veg

Politiet fann i ettermiddag ei død kvinne i Barsnesfjorden i Sogndal. Kripos er på veg for å hjelpe politiet i Sogndal.

Politiet gjorde funn av ei død kvinne i Barsnesfjorden i samband med leiteaksjonen etter Veronica Heggheim Stegegjerdet

FUNN: Til venstre, på andre sida av fjorden, vart ei død kvinne funnen i ettermiddag. Til høgre køyrer politiet sin bil vekk frå funnstaden. Foto: Steinar Lote/Christian Blom

22 år gamle Veronica Heggheim Stegegjerdet har vore sporlaust vekke frå heimen sin i Årøy i Sogndal sidan laurdag 25. oktober. Leiteaksjonen starta tysdag 28. oktober.

Etter det NRK kjenner til er Kripos bede om å hjelpe til med to kriminalteknikarar i Sogndal. Kripos har sagt ja, og teknikarane vil reise til Sogndal så snart det er praktisk mogleg.

– At de berre får hjelp av to teknikarar: betyr det at politiet ikkje trur det dreiar seg om eit drap?

– Det betyr eigentleg ingenting. Vi har sendt dei ressursane vi har tilgjengeleg og kan bruke i dag. Vi har ikkje fleire kommentarar enn det, seier fungerande regionlensmann Asle Karoliussen til NRK fredag kveld.

Aktuelt å be om meir hjelp

Veronica Heggheim Stegegjerdet

VERONICA HEGGHEIM STEGEGJERDET.

Foto: Privat

Lensmannen seier dei kan kome til å be om meir hjelp.

– Det er aktuelt å be om bistand i den grad det er naudsynt for å etterforske saka på ein best mogleg måte frå ein breiast mogleg ståstad.

– Kva vil avgjere om de treng meir hjelp?

– Det kan vere mange ting. Det kan vere kompleksiteten i saka, eller andre forhold knyta til funn og opplysningar obduksjonsrapport gir, seier Karoliussen.

Fann kvinne langs vasskanten

Store ressursar har vore brukt på å leite etter den sakna kvinna. Både ubåtar og helikopter har vore med i leiteaksjonen, men så langt utan resultat før funnet litt før klokka 13.30 i dag.

– Vi fann ei død kvinne i den inste delen av Barsnesfjorden. Vi jobbar no med identifisering av kvinna, og førebels kan vi ikkje meine noko meir konkret om dette, seier Karoliussen.

NTB melde at det var ein turgåar først melde frå. Karoliussen stadfestar dette.

– Ein turgåar gjorde ein observasjon på sørsida av Barsnesfjorden. Undersøkingar på staden synte at det låg ei død kvinne i strandkanten. Kvinna er funne i søkeområdet, og ikkje langt frå huset der den sakna kvinna budde.

(Artikkelen held fram under biletet)

Veronica Heggheim Stegegjerdet

VEKK: Det som skal vere Sogn gravferdshjelp sin bil køyrer vekk frå funnstaden.

Foto: Christian Blom

Sjølv om kvinna vart funnen i nærleiken av bustaden og i eit område som er nøye gjennomsøkt, er politiet ikkje overraska over at det tok lang tid før dei gjorde funn.

– Vi veit frå sonarsøket at dette var eit utfordrande område, både når det gjeld botnforhold og mykje skrot som skapte problem for sonaren, seier Karoliussen.

Jobbar med identifikasjon

Leiteaksjon etter Veronica Heggheim Stegegjerdet

BARSNESFJORDEN: Kvinna vart funnen i Barsnesfjorden, midt på det indre bassenget, mellom Storeøyna midt på Barsnesfjorden og Årøy inst i fjorden.

Foto: Sindre Sunde Tveit / NRK

Politiet fann kvinna ved Barsnes, i nærleiken av utløpet av Årøyelva. Det er eit veglaust område som blir brukt mykje til jogging og turgåing. Det går ein traktorveg inn til staden.

Det er ingen andre som er sakna i området. Men Karoliussen vil ikkje stadfeste at kvinna dei fann er Veronica Heggheim Stegegjerdet.

– Vi vil ikkje meine noko om det før ein sikker identifikasjon ligg føre. Så langt avventar vi identifikasjon. No jobbar vi på staden med å sikre forhold knyta til funnet, og så vil kvinna bli sendt til Gades institutt for obduksjon, seier han.

Politiet melder i kveld at planen er at kvinna skal obduserast i morgon, laurdag. Karoliussen trur svaret kjem i starten av neste veke.

– Det kjem an på jobben på Gades. Eg reknar med svaret vil vere klart i løpet av starten av neste veke.

(Artikkelen held fram under videoen)

Intervju med regionlensmann Asle Karoliussen

Vil ikkje spekulere i kriminelle handlingar

NRK veit at politiet i Sogn har hatt eit ekstra fokus retta mot ein del personar i Veronica sin utvida omgangskrins etter forsvinninga. Fleire av desse har vore inne til avhøyr på Sogndal lensmannskontor. NRK presiserer at ingen av dei som har vore inne til avhøyr har status hos politiet som noko anna enn vitne

– Er det noko med funnet som tyder på at noko kriminelt har skjedd?

– Vi har ikkje noko meining om det så langt. Vi har gjort eit funn, og så får vi ta det vidare sett i forhold til dei opplysningane funnet gir oss når vi får gjort dei undersøkingane vi må gjere, seier Karoliussen.

– Trur de funnet vil hjelpe dykk til å finne ut kva som faktisk skjedde?

– Vi har lenge håpt at vi skulle gjere funn for å kome oss vidare i saka. Men det gjenstår å sjå kva opplysningar funnet gir oss.

– Dei pårørande er avventande

Dei pårørande er varsla om funnet, seier Karoliussen.

– Dei er ventar på å få ein sikker identitet. Inntil då må vi avvente. Dei har fått vite om funnet, og så får vi ta det deretter.

NRK oppdaterer saka.

Beklager, vi kunne ikke vise innholdet.
Se «Veronica-saken Tidslinje for brødtekst» i nytt vindu