Hopp til innhold

Veronica-saka: Kripos tilbake i Sogndal

Ein taktisk etterforskar frå Kripos kjem i dag til Sogndal i samband med Veronica-saka.

Veronica Heggheim Stegegjerdet

SER PÅ SAKA PÅ NYTT: Veronica Heggheim Stegegjerdet vart funnen død i Barsnesfjorden 14. november, ikkje langt frå heimen sin i Årøy. No tek politiet ein ny runde i saka.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Det skriv VG. Politiet har etablert eit team som skal sjå på Veronica-saka ein gong til. Teamet består av taktikaren frå Kripos, ein etterforskar frå Sogn og Fjordane politidistrikt og to frå lensmannskontoret.

– Gruppa skal prøve å identifisere om det er arbeidsoppgåver som står att, eller som må jobbast meir med. Dei skal snu alle steinar i saka for andre gong, seier regionlensmann Arne Johannessen til VG.

Teamet har jobba kvar for seg denne veka, men skal frå i dag sitje saman i Sogndal. Det er ikkje planlagt nye avhøyr no.

– Det kan bli aktuelt på eit seinare tidspunkt, seier han.

Krevjande sak

Veronica Heggheim Stegegjerdet vart funnen død i Barsnesfjorden 14. november, ikkje langt frå heimen sin i Årøy. Obduksjonsrapporten konkluderte med at Veronica døydde av drukning og dødsfallet blir etterforska som mistenkeleg.

– Det er ei kvalitetssikring av det arbeidet som er gjort så langt. Fokuset er om det er råd å finne fleire svar og innfallsvinklar på kva som skjedde i forkant av at Veronica hamna i elva, seier han til NRK.

Ein mann i 40-åra blei sikta for falsk forklaring og vald mot Veronica, men Sogn tingrett har tidlegare slege fast at det ikkje er grunn til å mistenkje mannen for vald.

– Dette er ei sak som er veldig krevjande for eit lokalsamfunn. Ingen ønskjer å avslutte ei slik sak utan å få eit klart svar på kva som skjedde, seier han.

Veit ikkje om dei finn årsaka

11. mars var etterforskingsleiinga frå Sogn og Fjordane, påtalemyndigheita og Kripos samla for å evaluere etterforskinga. Der blei det bestemt at det skulle takast ein siste runde.

– Vi har hatt heile tida hatt alt ope. Vi er framleis der. I utgangspunktet hadde vi avslutta etterforskinga. Difor bestemte å ta ein ny gjennomgang for å kvalitetssikre alt.

– Men har ein kome i ein situasjon der ein ikkje kan finne ei eksakt årsak?

– Eg vil ikkje spekulere, men det kan vere eit resultat. Vi får sjå når vi sender saka vidare frå etterforskinga. Det er opp til påtalemakta å vurdere kva som skjer, om det blir tiltale eller ikkje, seier han til NRK.