Hopp til innhold

Veronica-saka: Etterlyser kvinne med hund

Etter tips frå publikum ynskjer politiet i Sogndal å komme i kontakt med personar som gjekk tur i Årøy-området laurdag 25. oktober. – Vi ynskjer å få klarert ut om dette er Veronica eller ikkje, seier regionlensmann Asle Karoliussen.

Siste oppdateringar i Veronica saka

SJÅ VIDEO: Regionlensmann Asle Karoliussen møtte pressa i Sogndal måndag ettermiddag.

Personen som var observert ved brua i Årøy den aktuelle laurdagskvelden i 1830-tida, skal ha gått tur med ein hund.

Politiet ynskjer å finne ut om dette kan vere Veronica Heggheim Stegegjerdet.

– Det blir skildra ei ung kvinne som går på tur med ein hund. Vi er interessert i å komme i kontakt med denne, og eventuelt andre som har gått her i same periode for å få dette klarert ut, seier regionlensmann Asle Karoliussen.

Går breitt ut

Blomar på staden der Veronica Heggheim Stegegjerdet vart funnen.

BLOMAR: Vener og kjenningar har lagt ned blomar på staden der Veronica Heggheim Stegegjerdet vart funnen i Barsnesfjorden.

Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK

22-åringen vart fredag funnen død i Barsnesfjorden. Kvinna vart sist sett i live om føremiddagen laurdag 25. oktober, og meldt sakna tre dagar seinare då ho ikkje møtte til eit møte.

Sidan har store styrkar søkt etter 22-åringen både i terrenget, langs Årøyelva og i Barsnesfjorden. Fredag fann ein turgåar kvinna død i Barsnesfjorden, kring ein kilometer frå heimen hennar.

– Vi har hatt tipset i eitt par-tre dagar og prøvd å få det verifisert. Når vi ikkje har fått gjort det, går vi breitt ut, seier Karoliussen om observasjonen.

Har fått svar

Asle Karoliussen

SØKJER SVAR: Regionlensmann Asle Karoliussen seier dei held oppe eit stort trykk på etterforskinga i saka.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Vi prøver å avgrense eller få kunnskap om tidsrommet frå laurdag føremiddag til tysdag, då ho formelt vart meldt sakna. Om dette er Veronica, så er det siste observasjon knytt til henne, legg regionlensmannen til.

På spørsmål om det er grunn til å tru at det kan vere Veronica, så stadfestar Karoliussen dette. Han seier at signalementet stemmer overeins. Bror til kvinna fann hunden til Veronica heime kvelden før ho vart meldt sakna.

– Ein skal vere varsame med å trekkje konklusjonar ut frå det, men dersom det er Veronica som har vore på spasertur med hund, så kan ho ha vore nede att seinare. Det veit vi ingenting om. Vi har informasjonen og den ynskjer vi å få verifisert opp mot eventuelt andre som kan ha gått den turen, seier han.

Får svar i morgon

Regionlensmannen møtte måndag ettermiddag eit stort presseoppbod utanfor politistasjonen i Sogndal.

Kvinna hadde ytre skader då ho vart funnen i fjorden, men ifølgje BT hadde ikkje politiet konkrete opplysningar som peika klart mot at kvinna har vore utsett for noko kriminelt. Til no har ingen status som noko anna enn vitne i saka.

Politiet har fått munnleg orientering om innhaldet i den førebelse obduksjonsrapporten, og varsla tidlegare i dag at dei ville presentere dødsårsaka i ettermiddag. Førebels vil dei vente med dette.

– Vi ventar på den, og tek det frå der. Vi ser ikkje noko grunnlag for å skape eit inntrykk som vi ikkje kan stå inne for. Difor ventar vi til rapporten er på plass, truleg i morgon, seier Karoliussen.