Hopp til innhold

Kan få ferdig Veronica-saka til sommaren

– Etterforskinga har ikkje kasta nytt lys over saka, seier regionlensmann Arne Johannessen.

Veronica Heggheim Stegegjerdet

ETTERFORSKING: Politiet håpar å få sendt rapporten om etterforskinga av dødsfallet til Veronica Heggheim Stegegjerdet til påtale innan sommarferien.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

I midten av april etablerte politiet eit team som skal sjå på Veronica-saka nok ein gong. Teamet består av taktikaren frå Kripos, ein etterforskar frå Sogn og Fjordane politidistrikt og to frå lensmannskontoret.

– Det er framleis vanskeleg å vere eksakt. Det blir jobba framleis i gruppa på fire personar som jobbar med kvalitetssikring. Å sette ein endeleg dato for kva tid ein endeleg rapport kan leverast er vanskeleg, seier regionlensmann Arne Johannessen.

Vart funnen død i november

Det har gått eit halvt år sidan 22-år gamle Veronica Heggheim Stegegjerdet vart funnen drukna i Barsnesfjorden. Ein mann i 40-åra er sikta for å ha utført vald mot kvinna.

Regionlensmannen har framleis eit håp om at rapporten kan bli klar til sommarferien slik at saka kan sendast til påtale.

– Det er framleis ein del jobbing att, men eg håpar å vere klar til sommarferien.

Fire personar går gjennom etterforskingsmaterialet for å kvalitetssikre etterforskinga. Så langt er det ikkje gjennomført nye avhøyr i saka, men det vil bli gjort, seier Johannessen.

Har ikkje komme fram noko nytt

– Det er ingenting som tyder på at det er vesentleg ny informasjon som kastar nytt lys over saka. Dette er ei kvalitetssikring for at vi skal ha alt på det tørre, seier Johannessen.

Han vil ikkje seie noko om kven som vil bli avhøyrt på nytt, men at også dette er ledd i kvalitetssikringa.

– Det er ikkje noko som tyder på at det vil gje noko, seier Johannessen.