NRK Meny
Normal

Verneverdig båt kan bli spiker

Den verneverdige autolinebåten "Haugefisk" av Bremanger kan om kort tid ende som spiker, om ikkje fylkespolitikarane tek affære.

- Får ikkje båten pengar, blir den til spiker og skruar, seier Kåre Jan Langeland, som er ei av eldsjelene bak "Haugefisk". Han er skuffa over at fylkesdirektøren for kultur ikkje har prioritert pengar til båten.

"Haugefisk" høyrer til første generasjon autolinebåtar på kysten, og blei bygd i 1978. Inntil då hadde autolinebåtar blitt ombygd frå anna fiske. Men eit båtliv er kort, og "Haugefisk" var sist haust på veg til opphogging då entusiastar i Bremanger og ved Kystmuseet greip inn og tok hand om båten i tolvte time. Kystmuseet tok ansvaret, og etter kvart skulle det bli ei stifting. No treng båten nær 165.000 kroner til vedlikehald, og har søkt fylkeskommunen om pengar frå potten til det såkalla fartyvernet.

Vil fullføre påbegynt arbeid

Men fylkeskommunen har berre 200.000 kroner til fartyvern i år. Riksantikvaren stiller med same summen, men desse 400.000 kronene meiner fylkesdirektøren bør gå til galeasen Svanhild og dei gamle båtane Atløy og Stangfjord, dei same båtane som fekk pengar også i fjor. Argumenetet er at eit arbeid som er påbegynt må fullførast.

- Det er eit forferdeleg dårleg signal til dei som tok initiativet til å ta vare på "Haugefisk", seier Langeland.

Langeland er skuffa over innstillinga, og over at tilskotet frå fylkeskommunen er skore ned frå 300.000 kroner i fjor til 200.000 i år.

Treng klare signal

Onsdag møtast hovudutval for kultur i Florø for å fordele kronene som finst til fartyvern. I alt er der søkt om pengar til ni båtprosjekt, på tilsaman 3,5 millionar kroner. Langeland håpar i det minste på politiske signal.

- Vil politikarene Sogn og Fjordane satse på denne båten og på kulturhistoria som den representerer, eller vil dei det ikkje? spør Langeland. Får ikkje "Haugefisk" klare signal om pengar på onsdag, blir båten send til opphogging. 

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå