Hove steinkyrkje. Foto: Asle Veien, NRK
Det er fem bønder som no har utløyst ei storstilt freding av landbruksareal i Vik. Gardbrukarane vil byggja ein gigantisk fellesfjøs 75 meter frå Hove steinkyrkje. Driftsbygningen er over ti gonger større enn det vel åtte hundre år gamle gudshuset. No stoggar Morten Stige hjå Riksantikvaren desse planane.
- Fjøset blir for stort i forhold til kyrkja, seier Stige.
Dette vekkjer sterke reaksjonar i Vik. Ordførar i Vik, Erik Lidal, meiner denne typen restriksjonar vil bety kroken på døra for mange bønder.
Føler seg skvisa
Riksantikvaren fredar òg store landbruksareal rundt Hopperstad stavkyrkje og eit område fullt av førkristne gravhaugar. Dette betyr at Riksantikvaren må godkjenna alle nye bygningar i verneområdet. Dei fem bøndene føler seg no skvisa mellom kulturminnevern og norsk landbrukspolitikk som nettopp legg opp til samdrift.
Kritiserer kommunen
Morten Stige hjå Riksantikvaren kritiserer Vik kommune og Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, som har gitt grønt lys til bygginga,. Han meiner dei burde ha teke omsyn til kulturminna på eit mykje tidlegare tidspunkt slik at ein kunne ha funne ein annan plass til fellesfjøsen.
Avviser kritikken
Ordførar i Vik kommune, Eirik Lidal, avviser at kommunen ikkje passar skikkeleg på dei verdifulle mellomalderkyrkjene sine.