Hopp til innhold

Verna myr kan lagre CO2

Ein ny rapport viser at delar av Sætremyrane naturreservat i Hornindal slepp ut, og har sleppt ut, mykje CO2, mellom anna grunna den tidlegare torvstrøindustrien i området. No vil Fylkesmannen reparere myra, og gjere den i stand til å heller lagre karbon.

Sætremyrane

SÆTREMYRANE: Her har tidlegare torvstrøindustri ført til mykje CO2-utslepp.

Foto: Fylkesmannen iSogn og Fjordane

Det starta eigentleg med at Fylkesmannen hadde eit ønske om å vite meir om denne interessante myra - kva slags myr det er, og korleis den har blitt til.

– Når vi skal sette opp informasjonstavler til publikum som besøker naturreservatet er det viktig å fortelje den interessante historia myra har, seier Johannes Anonby, seniorrådgjevar i miljøvernavdelinga hos Fylkesmannen.

Reiskap for å få ned CO2-utslepp

Dei har fått klimamidlar frå fylkeskommunen for å undersøke myrområdet nærare, og Bioforsk og NTNU har utarbeidd rapporten på vegner av dei. Målet er å finne ut av kva tiltak ein kan gjere både for å reparere myra og for å kunne bruke den som ein reiskap for å få ned mengda av CO2-utslepp gjennom lagring.

– Når ein tek ut torv for å bruke den bidreg ein diverre til CO2-utslepp, så om ein kunne gjere tiltak for å reparere desse inngrepa kan ein slå to fluger i ein smekk - både verne naturen og snu utslepp av CO2 til lagring av CO2.

Torvmyrer eignar seg svært godt til slik lagring. Miljøverndepartementet har også sett i gang eit prosjekt om karbonlagring, og Sætremyrene er her utpeika som eit «svært viktig» myrområde.

– Det som er tydeleg her er at det ikkje finst ein veldig enkel måte å snu det som er gjort fordi grøftene er såpass djupe, og det står såpass markerte ryggar att med torv at det ikkje er enkelt å få vatnet attende.

Johannes Anonby

– INTERESSANT HISTORIE: Seniorrådgjevar Johannes Anonby.

Foto: Fylkesmannen i Sogn og Fjordane

Dette er også fordi det er ei nedbørsmyr, som får vatnet frå nedbør og ikkje frå grunnen, seier Anonby, som understrekar at det også er viktig å samarbeide med grunneigarane og gjere dette på ein skånsam måte.

– Ein drope i havet, men...

Samanlikna med den mykje omtala og mislukka månelandinga på Mongstad har Carlo Aall i Vestlandsforsking meir tru på dette prosjektet.

– I forhold til det så blir det jo ein drope i havet, men på ei anna side meinar eg at det er ein viktigare og riktigare veg, å jobbe med naturen og det biologiske systemet enn denne overdrivne trua på ein teknologisk quick fix .

– Eg trur dette er ein riktigare veg, å ta dei mange små skritta, å prøve å gjenskape ein naturleg økologisk balanse, altså at ein ikkje tek ut meir karbon enn det naturen klarer å handtere.

Han legg til at ikkje berre kan myra lagre karbon, men den er viktig for å halde på nedbør og dermed redusere flaum, og er difor viktig som ein tilpassing til klimaendringane med meir ekstremvêr.

Men han understrekar likevel at myrvernet ikkje er ukontroversielt.

– Eit forslag om eit generelt forbod mot nydyrking av myr har blitt avvist. Det kjem i konflikt med eit anna klimamål; å auke matproduksjonen i Norge. Spesielt i område med marginale mengder jord som på Vestlandet og i Nord-Norge er det å dyrke opp myrområde eit alternativ for å auke produksjonskapasiteten.

Carlo Aall

– RETT VEG: Carlo Aall i Vestlandsforsking.

Foto: Randi Indrebø / NRK