Hopp til innhold

Verktøyprodusenten Hilti inn på eigarsida i nLink

Den internasjonale verktøyprodusenten Hilti kjøper seg no i inn i Sogndalsverksemda nLlink.

NLink

INTERNASJONALT SAMARBEID: Teknologien som nLink i Sogndal vekker interesse i utlandet.

Foto: NRK

nLink vart i fjor kåra til årets gründerverksemd i Sogn og Fjordane , og har blant anna laga verdas første robot for boring i betongtak.

– At vi får Hilti inn på eigarsida betyr at vi kan sette full fart framover på robotikk innanfor byggebransjen, seier dagleg leiar Halvor Gregusson.

Hilti er ein stor aktør innanfor blant anna verktøy. Selskapet har hovudkontor i Liechtenstein, og har 20 000 tilsette på verdsbasis. Selskapet har spesialisert seg på verktøy i proff-marknaden retta inn mot byggindustrien.

Roboten vart vist fram i Gaupne i dag. Målet er å revolusjonere byggjebransjen.

– Vi ser no på korleis vi skal samarbeide, men dette betyr at vi har fått inn ein solid eigar når det gjeld robotikk i byggebransjen i framtida, seier Gregusson.

I 2014 vann nLink ein robotpris i USA. Gregusson vil førebels ikkje ut med kor stor aksjepost Hilti har kjøpt, og kva dei måtte ut med for aksjane.

– Det er ein god slump. Vi snakkar om ein minoritetspost. Meir konkret ynskjer eg ikkje å vere no, men det kjem etter kvart i Brønnøysund, seier Gregusson.