NRK Meny
Normal

No skal dei stramme opp verkstadar som slurvar med papirarbeidet

Bileigarar risikerer å få bilen avskilta på grunn av slurvefeil hos verkstadane. No har verkstadane terga på seg Vegvesenet, som vil nekte verstingane å utføre EU-kontrollar.

Kristian Andre Sæbø og Geir Leon Hetle

AVSLØRER RUTINESVIKT HOS VERKSTADANE: Utekontrollørar på Vestlandet har stoppa fleire bilar som manglar EU-godkjenning, sjølv om bilen har vore innom ein verkstad. Her er overingeniør Kristian Andre Sæbø og inspektør Geir Leon Hetle i diskusjon under ein kontroll langs E39 i Førde.

Foto: Anna Gytri / NRK

Seksjonsleiar Erlend Røysum i Statens vegvesen

FOKUS PÅ SLURV FRAMOVER: Det finst ikkje nasjonale tal, men i region Vest har Vegvesenet sett seg så lei på papirslurv hos verkstadane, at dei varslar tettare oppfølging framover. Det fortel seksjonsleiar Erlend Røysum ved tilsynsseksjonen.

Foto: Siri Løken / NRK

– Vi stoggar stadig bilistar som ikkje har gyldig EU-kontroll, sjølv om dei har vore innom ein verkstad for EU-godkjenning. Dette er alvorleg, seier Erlend Røysum, seksjonsleiar for tilsynsseksjonen i Statens vegvesen, region Vest.

Du kan sjølv tenke deg situasjonen. Du har fått bilen EU-godkjent på verkstad, men blir stoppa av Vegvesenet som trugar med å klippe skilta dine. Årsak: Verkstaden har gløymt å registrere EU-kontrollen i Vegvesenet sine system.

– Verkstadane har forsømt kunden, men også plikta om å rapportere kontrollresultatet inn til oss, seier Røysum.

Får svi for verkstadane sine feil

Takka vere det nye skiltgjenkjenningssystemet har Vegvesenet sine utekontrollar blitt ekstremt effektive. I fjor stoppa Vegvesenet rekordmange bileigarar som ikkje har hatt bilen inne til EU-kontroll.

Men nokre er derimot ganske uskuldige når Vegvesenet kjem med tanga. I fleire tilfelle har det vist seg at bilen er EU-godkjent, men at verkstaden ikkje har rapportert det til Vegvesenet.

– Folk blir ofte veldig sinte på verkstaden. Bileigar risikerer i verste fall å måtte levere frå seg kjennemerka og gå derifrå, seier inspektør Geir Leon Hetle ved trafikkstasjonen i Førde.

Bryt reglane endå ein gong

For å hjelpe bileigarane ut av knipa, har verkstader i fleire tilfelle valt å godkjenne bilen i datasystema, medan kunden står på kontrollplassen. Papira blir sende på e-post til kunden, som kan bevise for Vegvesenet at alt er på stell.

Slik ordnar verkstadane opp med kunden, men i staden får dei eit forklaringsproblem med Vegvesenet. Det å EU-godkjenne ein bil, som ikkje står på verkstaden, er eit klart brot på reglane.

Geir Leon Hetle brukar skiltgjenkjenningssystemet

EFFEKTIVT: Med det såkalla skiltgjenkjenningssystemet kan Vegvesenet kontrollere fleire tusen køyretøy på kort tid, noko dei tidlegare måtte stå timevis langs vegen for å klare.

Foto: Anna Gytri / NRK

– EU-kontrollen er ein her-og-no-kontroll. Det er veldig uheldig at nokon vel å godkjenne ein bil, til dømes eit halvt år etter at den var i kontroll, seier overingeniør Kristian Andre Sæbø ved tilsynsseksjonen i Vegvesenet, region Vest.

Vegvesenet vil no slå hardt ned på slurv med papirarbeidet. Verkstader som fleire gonger sender frå seg papira, etter at bilen har forlate verkstaden, risikerer å bli nekta å gjere EU-kontrollar.

Norges Bilbransjeforbund har ikkje høyrt om problemet før, men vil ta saka opp med Vegvesenet.

– Dette skal ikkje skje

Odd Arild Dale, Sogn og Fjordane bilbransjeforeining

KAN SKULDAST MANGLANDE KUNNSKAP: – Tydelegvis er ikkje rutinane gode nok alle plassar, seier Odd Arild Dale i Sogn og Fjordane bilbransjeforeining.

Foto: Sindre Sunde Tveit / NRK

– EU-kontrollar er ein stor del av kvardagen vår. Difor må vi følgje rutinane hundre prosent, seier Odd Arild Dale, leiar i Sogn og Fjordane bilbransjeforeining.

Dale seier bransjen har fokus på gode rutinar, men at kontrollresultata viser at verkstadane må bli endå betre.

– Kundane skal kunne stole på oss når dei leverer bilen inn for ein EU-kontroll.

  • Vegdirektoratet skriv i ein e-post til NRK at dei ikkje har nasjonale tal på kor ofte det skjer, men stadfestar at dei veit om tilfelle fleire stader i landet, der verkstader har gløymt å melde inn resultatet av EU-kontrollar. Vegvesenet følgjer opp slike tilfelle når dei blir kjende med dei, men bileigarar blir oppmoda om å sørge for å få med seg kontrollsetelen, med Statens vegvesen sin logo, når bilen blir henta.
Vegopning på Bergum i Førde kommune