NRK Meny

Norske verksemder kan luke ut farlege vogntog - i prosjekt Trygg Trailer

No kan bedrifter vere med på å kontrollere vogntog som hentar eller leverer gods hjå dei. Statens vegvesen lanserer no prosjektet Trygg Trailer.

Vibeke Grimstad

- EIT BIDRAG: Prosjektleiar Vibeke Grimstad i Statens vegvesen håpar norske bedrifter kan vere med på å luke ut farlege vogntog.

Foto: Monica Knoff / Statens vegvesen

Artikkelen er mer enn to år gammel.

Vegvesenet skal gje bedriftene ei enkel innføring i korleis dei skal sjekke mønsterdjupn, vinterdekkmerking og kjettingar.

På den måten er håpet at problemet med semitrailerar og vogntog som køyrer seg fast og stenger vegar blir mindre enn det har vore dei siste vintrane. Målet er og å luke ut køyretøy som kan vere farlege for andre trafikantar.

I Nord-Norge har det sidan 2010 vore eit samarbeid mellom Statens vegvesen og Fiske- og havbruksnæringens landsforening (FHL) etter initiativ frå verksemda Nova Sea. Det er dette arbeidet som no er vidareutvikla til ei nasjonal satsing, seier prosjektleiar Vibeke Grimstad i ei pressemelding frå Statens vegvesen.

– Etter at samarbeidet med FHL vart kjent, tok fleire bedrifter kontakt med oss fordi dei ynskjer opplæring og informasjon. Gjennom Trygg Trailer vil vi kunne tilby eit slikt samarbeid til bedrifter i heile landet.

Trailer utfor vegen på Hemsedalsfjellet

LITT FOR OFTE: Slike situasjonar, som her på Hemsedalsfjellet, har det vore litt for mange av dei siste vintrane.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

Informasjonsmateriell

Bedriftene får også informasjonsmateriell på fleire språk. Desse kan dei dele ut til sjåførar og transportørar. Bedriftene som er med må syte for å kunne følgje opp initiativet og lage eigne rutinar og retningslinjer for oppfølging av feil og manglar dei oppdagar.

– Trygg Trailer kjem ikkje til å løyse alle problema i transportbransjen, men det er eit bidrag. Vi i Statens vegvesen vil halde fram med vår kontrollverksemd og andre tiltak for å skape ein tryggare transport på norske vegar, seier Vibeke Grimstad.

Navnestrid i Sunnfjord
2200 villrein i Nordfjell skal avlivast, men jegerane er ikkje nøgde. 
   
Dab-dekning i tunnelar