NRK Meny
Normal

Verket fekk passasjerfly til å ta ei ekstra runde

Det var verken romvesen eller andre mystiske skapningar som stod bak snøkunsten som vart laga i Strynefjella, men tvert om ein «heilt vanleg» mann.

Snøkunst Stryn

SNØSIRKEL: Det gir deg kanskje assosiasjonar til kornsirklar? Snøkunsten på toppen av anlegget til Stryn Vinterski er imponerande.

Foto: Sindre Kinnerød / Flash Studio

På toppen av skianlegget til Stryn Vinterski synte snøen seg frå ei heilt spesiell side i fjor vinter. Det vekte merksemd.

– Medan vi heldt på var det eit passasjerfly som tok seg ei ekstra runde, og ein kan jo skjøne det når ein ser kunsten, seier Sindre Kinnerød i Flash Studio.

Først no har mønsteret i snøen fått ei offisiell forklaring – i form av éin av tre kortfilmar.

12 timar med trakking

Kinnerød er regissøren bak kortfilmprosjektet. Produksjonsselskapet vart hyra inn for å lage ein kortfilmserie som skal brukast for å få folk til å komme til Stryn.

Fire kunstnarar vart inviterte til Nordfjord-kommunen for å sjå korleis plassen kunne inspirere dei. Ein av dei var den verdskjende snøkunstnaren Simon Beck frå England.

Dei einaste reiskapane han brukar er truger, eit kompass og hovudet. På slutten av veka i Stryn trakka han i snøen i 12 timar.

– Då vi var der nede og filma trudde vi eigentleg ikkje at dette kom til å bli så spektakulært, for det såg heilt kaotisk ut, fortel Kinnerød.

Gå til forsiden

Snøkunst i Stryn - av Simon Beck

Simon Beck sin snøkunst i Stryn

Snøkunst i Stryn - av Simon Beck

17 bilder

    Trur fleire vil prøve

    Men dei mange tusen fotspora førte til ei spektakulær teikning på 200 meter i diameter. Og kanskje vil den inspirere folk til å prøve det same.

    Snøkunst

    MEIR KUNST: Dette er snøkunst Simon Beck tidlegare har laga.

    Foto: Simon Beck

    – Eg er ganske sikker på at nokon har lyst til å prøve. Vi som har vore med og laga filmen har i alle prøvd på eiga hand, utan særleg hell. Det å klare å sjå føre deg heile biletet og halde kontroll på alle stega i hovudet, det er imponerande.

    Og der får Kinnerød støtte frå prosjektleiar Jørn Sønsterudbråten i aktivitetsselskapet Fagre Stryn, som står bak.

    – Han har altså gått rundt i bygda og samla inspirasjon til ulike mønster, utan noko form for database. Alt går føre seg oppe i hovudet. Du får frysningar nedover ryggen når du ser kva som kjem fram.

    Har vekt stor merksemd

    Jørn Sønsterudbråten

    LOVAR FLEIRE OPPLEVINGAR: Prosjektleiar Jørn Sønsterudbråten.

    Foto: Privat

    Dette er den første av tre kortfilmar. Prosjektet er ein del av «Inspirasjon Stryn», og målet er å trekkje folk til bygda, og samstundes finne ut kva som gjer bygda så inspirerte.

    – Det har vore mykje meir merksemd enn eg trudde på førehand, med alt frå delingar på sosiale medium, kontakt via epost og telefon, kommentarar og så vidare. Det ballar veldig fort på seg og det er skikkeleg moro, seier Sønsterudbråten.

    To kortfilmar til er på veg, ein med eit designteam og ein med ein musikar.

    – Eg kan love at dei neste episodane som kjem er heilt på same nivå, minst.

    Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
    Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
    veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser