Hopp til innhold

Verjer meiner streng asylpolitikk fører til forsvinningar

Sjølv om Afghanistan framleis er eit krigsherja land, er det no nesten ingen afghanske asylsøkjarar som får varig opphald i Norge. Verjer fortviler over politikken.

Rune Nydal ved kjøkkenbordet

FORTVILT: Rune Nydal på Holsen i Førde har vore verje for fleire afghanske asylsøkjarar, men no har dei stukke av. Nydal fortvilar over at Norge no nesten ikkje gir opphaldsløyve til afghanarar.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

– Når regjeringa har sett seg eit mål om å kaste ut 9000 asylsøkjarar, så er dei jo nøydde til å hive ut nesten alle afghanarar for å få det til, då kan dei ikkje ta omsyn til om det er trygt. Det seier Rune Nydal.

Han har vore verje for fleire afghanske asylsøkjarar dei siste to åra, men no har dei stukke av, og Nydal peiker på regjeringa sin strenge asylpolitikk som grunnen.

NRK har tidlegare fortalt at det dei siste vekene har vore ei stor auke i asylsøkjarar som forsvinn sporlaust frå norske mottak, og at mange av dei ender opp med å leve på gata i europeiske storbyar.

Veldig mange av dei som forsvinn er afghanske gutar, og blant dei er det no veldig få som får varig opphald.

– Det er jo ikkje rart at dei stikker av, det hadde eg også gjort om det var fare for at eg skulle bli sendt ned til Afghanistan, seier Nydal.

AFGHANISTAN-BLAST/

USTABILT LAND: Afghanistan er eit ustabilt land, men UDI meiner ikkje det kan vere nokon automatikk i at folk ifrå Afghanistan skal få opphaldsløyve i Norge.

Foto: MOHAMMAD ISMAIL / Reuters

– Det har blitt verre i Afghanistan

Tidlegare har så mange som åtte av ti afghanarar fått opphald, medan talet no er snudd, og meir enn 80 prosent får avslag.

Grunnen er ikkje at det har blitt tryggare i Afghanistan, meiner Norsk organisasjon for asylsøkjarar (NOAS)

– Vi får signal om ein forverring av situasjonen i Afghanistan, og det er ein forverring som særleg går ut over bornb og mindreårige, seier Mona Dabour i NOAS.

Vurderer Afghanistan på ein ny måte

Avdelingsdirektør for asyl i UDI Hanne Jendal stadfestar at dei gir avslag til afghanarar i mykje større grad enn tidlegare.

Hanne Jendal

ENKELT Å RETURNERE: Hanne Jendal i UDI peiker på at det er enkelt å returnere asylsøkjarar til Afghanistan, fordi Norge har ei utleveringsavtale med landet. Det har vi til dømes ikkje med Somalia.

Foto: Nora Lie/UDI

– Det har vore ei endring der vi no gjer meir individuelle vurderingar, i staden for å gje folk opphaldsløyve automatisk berre fordi dei er frå Afghanistan.

Jendel trekk også fram at ein av grunnane til at veldig mange frå Afghanistan verdt sendt ut, er det faktisk er ganske lett å returnere afghanarar.

– Vi har faktisk ei returavtale med Afghanistan, noko vi ikkje har med til dømes Somalia. Det gjer at vi ganske enkelt kan sende folk attende.