Hopp til innhold

Vergudane har ikkje gløymt oss

- Det er jo forbetring i vente. Vi kan jo håpe på opphald, seier Anders Sivle ved Vervarslinga på Vestlandet.

Løper i regnet

Illustrasjon

Foto: MAXPPP / PHOTOPQR/L'ALSACE

September og så langt av oktober har bydd på både våte og grå dagar. Men, det er betring i vente, opplyser meteorologane.

- Det blir betre

Frå torsdagen går det gradvis mot både mindre regnbyger og fleire solstrålar. Og framover mot helga vil skydekke halde fram med å sprekke opp.

- Torsdag kan det bli bygeaktivitet i ytre delar. Det kan det også bli i Nordfjord fredag. Men i helga ser det ut til å bli opphaldsver over det meste. Det vil halde fram til og med måndag, seier Anders Sivle ved Vervarslinga på Vestlandet.

Eit atterhald

Men, godversmeldingar på denne tida av året kjem aldri utan eit atterhald.

- Seint fredag og tidleg laurdag kjem det eit lågtrykk frå vest. No ser det ut til å gå sør for Sogn og Fjordane, men flyttar det seg litt lenger nord så kan det bli regn laurdag kveld og første delen av søndag, seier Sivle.

Fare for nattefrost

Temperaturane vil gå ned dei neste dagane. Sjølv med sol. For ein kald nordaustleg vind kan gje oss temperaturar på fem-seks grader. Med andre ord er det framleis fare for nattefrost.

- Det er særleg frå fredag og framover. Det kjem litt an på kor mykje skydekke sprekkjer opp om kvelden og natta, seier Sivle.

Tre dagar utan regn

Sivle fortel at dei også på meteorologisk institutt er byrja å krysse fingrane for betre ver. For det har vore vått og grått den siste tida.

- Det har kanskje ikkje vore så mykje meir enn normalt, men det har regna i mange dagar, seier han og plukkar fram statistikken for september og oktober. Den viser til dømes tre dagar med opphald, det vil seie nedbør under 0,1 millimeter, i Brekke og Sandane, og fire dagar i Førde.

Høgtrykk og lågtrykk

Etter ei god helg med opphaldsver, er det derimot attende til "normalen". For godversdagane skuldast pause i lågtrykka.

- Tysdag og onsdag kjem det nye lågtrykk innover Vestlandet, seier Sivle. Med andre ord er det berre å nyte helga som kjem - om ikkje vergudane finn det best å flytte lågtrykket laurdag noko lenger nord...