Hopp til innhold

Verftsdirektøren er glad streikefaren er over

– Eg frykta litt at det ville bli streik. Vi står midt oppi overlevering av to båtar som skal i rute, seier Tor Øyvin Aa ved Brødrene Aa i Hyen.

Tor Øyvin Aa

VAR SPENT: Tor Øyvin Aa seier ein streik ville vore uheldig for Brødrene Aa. – Det er alltid uheldig med streik når du har overlevering og eit stressa byggeprogram. Det kan lett oppstå uføresette ting og det kan også få innverknad på folk som skal komme hit.

Foto: ERLEND BLAALID OLDEIDE / NRK

Denne veka skal verftet med 170 tilsette overlevere fartøy til Fjord1 og Rødne Fjord Cruise.

Ein streik, der 60 tilsette vart tekne ut, kunne fått følgjer for overleveringa.

– Det er alltid uheldig med streik når du har overlevering og eit stressa byggeprogram. Det kan lett oppstå uføresette ting og det kan også få innverknad på folk som skal komme hit.

Største på 18 år

– Sjølv om vi kunne kome ut av det reint økonomisk i høve kontraktsansvar, så kunne ein streik blitt uheldig. Spesielt for kundar som kanskje har tenkt å setje båten i rute til ein gjeven dato, seier Aa.

Denne helga har han følgt spent med på forhandlingane mellom NHO, LO og YS. 15 timar på overtid kunne riksmeklar Nils Dalseide fortelje eit samla pressekorps at det ikkje blir noko av streiken.

35.000 streikande hadde gjort streiken til den største på 18 år i Norge. I Sogn og Fjordane hadde kring 500 blitt tekne ut i streik.

Av desse 100 hos både Ekornes Hornindal og Nortura.

– Partane viste ansvar

Nils P. Støyva

NØGD: – Då forhandlingane ikkje vart brotne i 08-09-tida i dag, forstod eg at dei såg lys i tunnelen og moglegheit for ei løysing, seier distriktssekretær i LO, Nils P. Støyva.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Distriktssekretær i LO, Nils P. Støyva, sa laurdag at ein streikefaren var overhengande og at den ville få store følgjer.

– Eg er veldig glad for at partane kom til semje i svært vanskelege og kompliserte forhandlingar. Partane viste ansvar og fann svar på vanskelege spørsmål, seier han.

Verken Støyva eller Aa har førebels fått sett seg veldig godt inn i avtalen og følgjene.

Uravrøysting

LO og NHO er samde om at partane i privat sektor får eit generelt lønnstillegg på 1 krone timen. Lågløna får eit tillegg på 2,50 kroner.

Støyva er også nøgd med at ein har fått tetta ein del hol i AFP-systemet og fått på plass slitartillegget i høve folk som har vore lenge i ein lågløna bransje.

– I kampen mot sosial dumping var det også viktig å få løyst problemstillingar i høve til kost og losji, seier Støyva.

Avtalen skal no ut til uravrøysting hos medlemene.

– LO-leiinga har tilrådd dette med forbunda. Når ein har fått ei så tydeleg og klar tilråding, så trur eg den går i boks, seier Støyva.