Vêret stoppa hurtigruta

Storm og grov sjø stansa hurtigruta i morgontimane, skriv Fjordenes Tidende. Nordgåande hurtigrute, MS Richard With, tok ikkje sjansen på å krysse Stadhavet, og dermed la dei seg til kai i Måløy. Her reknar dei med å bli liggande fram til kl. 13.00.