Hopp til innhold

«Største utfordringa er å halde humøret oppe»

Med berre eit par timar att held elevane på Sunnfjord Folkehøgskule framleis ut. Klokka 07.00 vil dei ha spelt i 85 timar!

Harald Johnsen og Jørgen Kvalvåg under verdsrekordforsøket.

KVILE: Harald Johnsen frå Kristiansand (liggande) er byrja å kjenne belastninga og slappar av med isposar på beinande med få timar att av verdsrekordforsøket. – Dette skal gå fint dette, om det ikkje blir store skader, seier Jørgen Kvalvåg frå Kristiansund.

Foto: Stein Aase / NRK

Serven gjekk måndag klokka 18. Fredag klokka 07 er verdsrekorden eit faktum. Dersom elevane ved Sunnfjord Folkehøgskule står løpet ut.

  • VERDSREKORDFORSØKET KAN DU FØLGJE DIREKTE LENGER NEDE I SAKA.

– Det er hardt, men gøy på same tid, seier Harald Johnsen – liggande på golvet, med beina innpakka i isposar og godt plassert på ein stol.

– Litt stor belastning

– Det vart litt stor belastning, legg han til og fortel kristiansandaren med 20 minuttar nedkjøling til vil vere klar for ei ny økt på parketten.

(Artikkelen held fram under strøyminga)

Elevane ved Sunnfjord folkehøgskule vil prøve å setje verdsrekord. Lengste volleyballkamp nokon gong skal etter planen gå frå måndag 22. sept til fredag 26. sept.

FØLG: Klokka 07 fredag morgon har Sunnfjord Folkehøgskule sett verdsrekord. Dersom spelarane held ut så lenge.

Så langt har dei 26 spelande spelarane unngått dei store skadane. Men forsøket på å slå nederlandske SVU Volleyball sin verdsrekord med 85 timar samanhengande volleyball, har kosta dei søvn, tårer og mykje sveitte.

«Matchballen» gjekk i parketten etter 63 kampar, 338 sett og 14.635 poeng.

– Det byrjar å ta litt på, men det er berre minimale skader. Vi har vore veldig heldige. Ingen som har trakka skikkeleg over, men nokre har fått feber og blitt sjuke. Då blir det litt ekstra på andre spelarar, seier Jørgen Kvalvåg frå Kristiansund.

No blir det prestisje

Når NRK vitjar Sunnfjord Folkehøgskule er elevane byrja å nærme seg 70 timar. Med kring 15 timar att til rekorden er eit faktum, trur Johnsen det etter kvart vil gå prestisje i å stå att på parketten.

Spesielt når klokka nærmar seg 07 fredag morgon.

– Det blir det nok, smiler han og legg til:

– Men det er vilt at vi har kome så langt. Det verste var dei første timane, men så vart vi vande med døgnrytmen med fire timar på og fire timar av. Det går betre no enn i starten.

– Må vere positiv

Laga har fått namna Sunnfjord og Solvang, men alle spelarane kjem frå den same folkehøgskulen.

– Det er ikkje berre vi som spelarar som står bak verdsrekordforsøket. Det er veldig mange rundt som medverkar veldig bra. Vi har mellom anna bra personale som hjelper til med å ise ned, gi oss mat, seier Kvalvåg og meiner det har vore nokre døgn med god stemning.

(Artikkelen held fram under biletet)

Klare til maratondyst

REKORD: Desse 26 spelarane jaktar verdsrekord i gymsalen ved Sunnfjord Folkehøgskule.

Foto: Lars Håberg

– Ein må vere så positiv som mogleg, sjølv om ein er heilt usamd eller sint på nokon, seier han.

Skal klare det

For spelarane har den psykiske påkjenninga ved forsøket vore større enn den fysiske.

– Største utfordringa er å halde humøret oppe når du er sliten og trøtt etter berre fire timar søvn, men må opp midt på natta for å spele. Det er tungt å vakne, men når du vaknar så går det bra, seier Kvalvåg.

– De må i alle fall spele til klokka 07. Klarer de det?

– Ja, klarer vi det ikkje no, så tenkjer eg folk blir sinte.