Hopp til innhold

Verdspremiere på Selje Kloster

Laurdag vart stykket «Sunniva- Kristi Brur» framført for aller første gong i klosterruinane.

- Det var fantastisk og eg fekk spørsmål om eg har kosa meg i helga. Kosa meg? Eg har elska det, fortel reiseleiar for Sunniva-reisa, Ragna Sofie Grung Moe.

«Sunniva- Kristi Brur»
Ragna Sofie Grung Moe, direktør for Grieg07

1ÅR: Ragna Sofie Grung Moe har vore prosjektleiar for Sunniva-reisa i eitt år, og er i dag søndag svært nøgd med korleis reisa vart.

Foto: Thor Brødreskift

Ho er kulturrådgjevar ved Bjørgvin bispedømmekontor og har det siste året arbeidd med prosjektet.

Og i helga var utøvarar frå Bergen, Kinn, Selje og Gloppen samla på Selje kloster for å framføre eit flunkande nytt tingingsverk som heiter "Sunniva - Kristi Brur" laga av komponisten Therese Birkelund Ulvo.

Førdianaren Maria Tryti Vennerød har skrive tekstane til stykket.

- Sunnniva-reisa har vore eit samarbeid mellom Gloppen musikkfest, Bjørgvin bispedømme, Festspela i Bergen og Selje kommune, fortel reiseleiaren.

Framføring i klosterruinane

Og reisa den starta på kristkyrkjetomta i Bergen og deltakarane fulgte i St. Sunniva sine fotspor og enda opp i klosterruinane der det nyskrivne verket vart framført.

- Publikum deltok også gjennom song, og det var ei mektig oppleving, seier Grung Moe.

Festspela i Bergen har knutepunktstatus og det var dei som hyra inn komponisten Therese Birkelund Ulvo for å skrive verket.

- Draumeoppdrag

Halvor Nordhaug

NØGD: Biskop i Bjørgvin, Halvor Nordhaug, er nøgd med samarbeidet mellom Festpela i Bergen, Gloppen musikkfest, Gloppen kulturskule, kyrkja og alle dei andre songarane og bidragsytarane til Sunniva-reisa.

Foto: Bendiksby, Terje / SCANPIX

– Det er ein draum å få eit slikt oppdrag, og eg hadde slett ikkje sett det føre meg då eg vart kontakta av festspela i utgangspunktet. Det dei spurte meg om først, var å laga eit tingingsverk. Tanken var at verket skulle fungera som ein hyllest til Sunniva på ein konsert som elles var fylt med mellomaldermusikk. Men prosjektet fekk altså vokse og vart til eit døgn med innhald, seier komponisten.

At det vart den heilage Sunniva som vart tema har fleire årsaker.

- Ei årsak til at vi fokuserer på Sunniva akkurat i år, er jo jubileet for kvinnene sin stemmerett. Sunniva brukte stemma si, og sto for ein kvinneleg leiarskap der i ei tid der det ikkje var vanleg at kvinner hadde den typen makt. Ei overskrift både for verket og dagen er dermed sterke kvinnestemmer, fortel Ulvo.

Kjende ikkje Sunniva-soga

Men ho hadde ikkje noko spesielt forhold til Sunniva då ho fekk oppdraget.

Dermed var første post på programmet ein tur til Selje og klosteret for å finne ut meir.

- Der fekk vi helse på dei fantastiske kreftene i Selje og i Gloppen. Somme retningslinjer var lagt: Det skulle skje noko på Selja og i kyrkja i Vereide.

Kyrkja 850 år søndag
Vereide kyrkje i Gloppen

850: Vereide kyrkje feira 850 -årsjubileum søndag med festgudsteneste der biskopen heldt tale.

Foto: Heidi Lise Bakke, NRK

For i dag søndag feirar den kyrkja 850 år. Og Sunniva-reisa enda der i kyrkjerommet med festgudsteneste med biskop Halvor Nordhaug som talar.

- Du kan seie at det vart prikken over i`en for oss, seier Grung Moe.

Direktør for Festspela i Bergen, Anders Beyer seier han likte ideen om å lage noko kring St. Sunniva umiddelbart då han vart kontakta av bispedømmekontoret.

- Sunniva-prosjektet harmonerer med festspeltemaet vatn, reise og kvinne. Sunniva skal i si tid ha komme seglande til Selja og vart sidan Hordaland sin skytshelgen. Skjebnen hennar rommar eit drama med ein sterk kvinneskapnad, som var klar til å ofra livet sitt for ei sak ho trudde på. Det er fint å kunna hylla Sunniva gjennom eit moderne kunstnarleg uttrykk, der publikum er inviterte med på ei ferd som både er ei indre ytre reise.

Direktøren er også tydeleg på at samarbeidet mellom kyrkja og kulturlivet er naturleg og viktig.

Kunst og kyrkje hand i hand

- Sjølvsagt er det kunstnarlege arrangement som ikkje eigner seg for formidling i kyrkja. Ein må tenkje seg godt om når ein bruker det kyrkjelege rommet. Eg opplever kyrkja som ein fantastisk stad utanfor ‘verdsuroa’, ein stad med plass for meditasjon, kontemplasjon, nyting, eit åndeleg frikvarter frå den oppslukande malstraumen av ‘først og størst og raskast’ utanfor kyrkja. Kunsten, uansett om den er verdsleg eller kyrkjelig, ønskjer jo å skape noko opphøgd, ein spiritualitet, som sår eit frø i oss, som kan hende får uventa følgjer for korleis me oppfattar verda, seier han.

Biskopen har vore ein pådrivar for at kyrkja og kulturlivet skal samarbeide, og han seier dei to høyrer naturleg ihop.

- Kyrkja og kunsten har eit langt hopehav gjennom historia, og høyrer naturleg saman. Gjennom kunsten får kyrkja gjeve uttrykk for trua med den kvalitet og rikdom som høver seg. Kunsten gjev kyrkja eit sannare og sterkare språk, og det treng kyrkja. Kyrkja på si side gjev kunsten ei forteljing og ein motivkrins som har forma soga vår meir enn noko anna.

Ser frammover
Selje kloster

PREMIERE: Laurdag vart tingingsverket 'Sunniva- Kristi Brur' framført på Selje kloster.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Han synest det er fint at kunstnarane har fått frie tøyler i arbeidet med Sunniva-reisa og tingingsverket.

- Slik må det vere. Kyrkja må ta den sjansen og vi kan ikkje dirigere ein kunstnar.

Grung Moe trur at dette prosjektet markerer korleis kyrkja i framtida må arbeide.

- Dette prosjektet er ein vegvisar inn i framtida for kyrkja no når vi skal ut i båten uten årer og uten støtte frå staten. å må vi alliere oss med ressursar i lokalsamfunnet. Det er viktig for kyrkja trur eg.

Ho fortel at alle involverte har vore positive til prosjektet frå starten, og at det viser at det er mogleg å samarbeide på tvers av bakgrunn.

- Dette er ein viktig nøkkel for korleis vi må jobbe for at kyrkja skal vere sterk også i framtida, seier Grung Moe.

«Venner for livet»

Det er mange historier om St.Sunniva. Ho har status som vestlandet sin skytshelgen. Ho enda sitt liv i klosteret i Selje og sidan har ruinane vore ein heilag stad.

- Sunniva kan minna oss om at kristendomen har kome til oss utanfrå, og difor ikkje er ei sjølvsagt sak, meiner biskopen.

Bjørgvin sitt ungdomsår har temaet venner for livet. Det meiner reiseleiaren er svært passande.

- Dette prosjektet viser at vi knyter band på tvers av grenser, og det er band som varer, seier Grung Moe.