Verdscup viktigare enn VM

Samanlagtsiger i verdscupen er viktigare for Johannes Thingnes Bø enn VM-gull. Det seier landslagssjef i skiskyting, Egil Kristiansen, til NTB. Før jul vann stryningen seks av åtte individuelle verdscuprenna og har ei solid leiing samanlagt. Han har aldri tidlegare vunne verdscupen. Alt i morgon er det nye sigerssjansar med sprint i tyske Oberhof.

Johannes Thingnes Bø, Hochfilzen, sprint
Foto: Kerstin Joensson / AP