NRK Meny
Normal

Verdsarvvekst på Nærøyfjorden

Turisttrafikken på Nærøyfjorden har auka med rundt ti prosent i sommar, fortel reiselivssjef Noralv Distad i Aurland.

Gudvangen
Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Han trur veksten delvist skuldast at fjorden i vår kom på UNESCO si verdsarvliste.

Las om verdsarvfjorden i avis

- Det er klart at når vi får auka omtale i media i tillegg til at vi og turoperatørane gjer det kjent så har det ein viss effekt.

Passasjerferja "Gudvangen" og to andre båtar har i heile sommar skyssa turistar på Nærøyfjorden. Og det at denne fjordarmen har fått verdsarvstatus gjer den ikkje akkurat mindre attraktiv. Danske Mark Heiss bestemte seg for å reise hit etter at han las om Nærøyfjorden i ei avisa Politiken heime i Danmark.

- Vi tykte det såg ut som ein spennande stad, så difor tok vi turen, fortel Heiss, som ikkje hadde høyrt om Nærøyfjorden før han las om verdsarvstatusen i avisa heime i Danmark.

Også nordmenn har blitt meir merksame på eigen natur. Ranveig Lier frå Bærum er for første gong turist i Gudvangen.

- Nydeleg, Herleg. Vi har vore på ulike stader i Noreg. og førebels har vi hatt ein veldig fin tur.

Svært mange utanlandske journalistar

Reiselivssjef Noralv Distad i Aurland seier det er svært mange utanlandske journalistar som kjem til Nærøyfjorden. Dei fleste av desse er blitt nysgjerrige på området etter at fjorden kom på verdsarvlista til UNESCO tidlegare i år.

- Vi har nesten dagleg besøk anten av journalistar eller TV-team. Det kjem folk frå Sør-Europa, USA, Cananda og Russland. Dette er den beste forma for marknadsføring, og effekten vil vi merke spesielt godt neste år. Eg ventar endå større vekst då, seier Distad.

Bønder føler seg ikkje trygge på vegen med traktor
Orkanen Tor var ikkje ekstrem nok
Ordninga bør endrast