Kommentar av Arild Nybø.
Kan hende at eg ein gong er fortalt at Sognefjorden er verdas lengste fastlandsfjord, eller at den er verdas djupaste fjord, eller at han er ein av dei lengste fjordane i verda. Uansett kva eg ein gong har høyrt, så har eg runda litt av, slik at det skulle bli lettare å hugse. Dermed har Sognefjorden alltid vore verdas lengste fjord i mitt hovud.
Sjokket
Derfor kom det eigentleg som eit lite sjokk då eg fekk høyra at Sognefjorden, der ein engelsk advokat no har sett verdsrekord i kaldtvassymjing, ikkje er verdas lengste fjord - kanskje berre nest lengst, eller ikkje det eingong. Og det er vel eigentleg ikkje fullt så flott å smykka seg med. Det blir like merkeleg som slagordet til bussen mellom dei to byane i Sunnfjord; Førde-Florø - nesten ein gong i timen.
Kjeldekritikk
Men dette med Sognefjorden måtte me sjølvsagt få klarheit i. Etter å ha arbeidt som journalist i nokre år, har eg lært at eg ikkje utan vidare skal stola på kjeldene. Eit oppslag på reiselivsselskapet Visit Sognefjord på internett viser at dei hevdar Sognefjorden er verdas lengste. Javel, det høyrdest lovande ut. Kva så med Guinness Rekordbok? Dei sler fast at den lengste fjorden i verda ikkje er Sognefjorden, men derimot Scoresby sund på Aust-Grønland. Skrekk og gru. Der står det at fjorden ved Scoresby sund er 313 kilometer lang. Meir enn 100 kilometer, 10 mil, lengre enn Sognefjorden - som er 204 kilometer lang.
Ugler i mosen
Her må det vera noko muffens, tenkte eg, og leitte på internett etter noko som kunne forsvara reklamen for Sognefjorden. På Grønlands turistbyrå sine internettsider står det litt om Scoresby sund, men ingen stader reklamerer dei med at dette er verdas lengste fjord. Kvifor ikkje, tenkte eg? Er det rett som styreleiar i reiselivsbedrifta Visit Sognefjord, Arne Glenn Flåten sa i dag tidleg? Han hevda at fjorden på Grønland ikkje kunne reknast som fjord sidan ein stor del av han ligg under isbrear, og at den derfor ikkje er lengre enn Sognefjorden.
Aha!
Om Flåten i Visit Sognefjord har rett, så betyr det at barnelærdomen min likevel kan vere rett, tenkte eg. Viss det er slik at det er berre ein liten del av fjorden ved Scoresby sund på Grønland som er farbar med båt, då er vel framleis Sognefjorden verdas lengste - for is kan vel ikkje reknast som fjord. Eg spurte Grønlands-ekspert Jørgen Taagholc ved Dansk Arktisk Institutt. Kor lang er eigentleg fjorden innanfor Scoresby sund?
- I den milde årstida kan ein reise minst 300 kilometer innover fjorden, men det er uvisst kor mykje lengre fjorden er sidan isbreen dekkkjer den inste delen av han, svara Taagholc.
Uff, dette vert verre og verre. Fjorden på Grønland er altså minst 300 kilometer. Så langt kan me reise før me kjem inn til isbreane. Men truleg er fjorden mykje lengre, berre at resten av fjorden er skjult av is. Og med stadig mildare vintrar vert fjorden stadig lengre ettersom isen smeltar.
Nådestøytet
Så kjem eg på eit skikkeleg revolvarspørsmål. Er det ikkje merkeleg, dersom Grønland liksom har verdas lengste fjord, at dei ikkje marknadsfører han som det? He?
- Nei, det er ikkje merkeleg, svarar Taagholc. For fjorden er svært vanskeleg tilgjengeleg.
Treng ikkje marknadsføre
Slik er det altså. I og med at fjorden er vanskeleg tilgjengeleg, og den derfor ikkje har noko særleg kommersiell interesse for grønlendarane, så har dei heller inga stor trong for å marknadsføre han som verdas lengste fjord. Dermed kan sogningane i ro og fred feilaktig kalla Sognefjorden verdas lengste, utan fåre for å bli saksøkt av grønlandske turistinteresser, men med fåre for at ein journalist eller andre kverulantar i ny og ne pirkar borti myten.
Slik blir det
Og derfor kjem heller ikkje Arne Glenn Flåten i Visit Sognefjorden til å endra på reklamen. Dei kjem til å kalla Sognefjorden - «The worlds longest» også i framtida.
Sjølv kjem eg også til å halda myten i live når eg reiser utanlands. Men når eg snakkar med nordmenn heretter skal eg prøva å vera ærleg, og seia at eg bur eit steinkast unna - eit litt langt steinkast unna - «verdas lengste kommersielt tilgjengelege fastlandsfjord».