NRK Meny
Normal

Verdas største til Flåm

Verdas største cruiseskip "Queen Mary 2" kjem til Flåm 14. mai, skriv Sogn Avis.

Queen Mary 2
Foto: Eliseo Fernandez / Scanpix/Reuters

- Å få verdas største cruiseskip til kai i Flåm er skikkeleg god reklame, seier hamnesjef John Johnsen.

Skipet er på 148.000 bruttotonn og har 3000 passasjerar.

Hamnesjefen seier det er ei omlegging av ruta som gjer at skipet kjem til Flåm.

- Skipet skulle i utgangspunktet gått på cruise i Middelhavet, men må ligge ei tid i dokk. Dette opna for eit ekstra cruise til dei norske fjordane, seier Johnsen til Sogn Avis.

Hittil er det meldt inn 29 stogg av cruiseskip i Flåm i mai. Ifølgje hamnesjefen er dette ny rekord for denne månaden.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser