Hopp til innhold

Verdas største oppdrettsanlegg kan gje 30-40 nye arbeidsplassar i Florø

Selskapet Nekst AS melder fredag at dei vil hente inn to milliardar kroner i kapital for å byggje verdas største landbaserte oppdrettsanlegg i Florø. Det nye anlegget kan 30-40 nye arbeidsplassar.

Verdas største landanlegg for smolt i Florø

KAN BLI SLIK: Slik vil Nekst AS at det nye anlegget på Botnastranda i Florø skal sjå ut.

Foto: Nekst AS

I ei pressemelding skriv Martin Ramsdal og Kjell Audun Aasen i selskapet, at dei planlegg eit anlegg som skal kunne produsere 20 millionar "storsmolt" på ein kilo, som dermed svarar til ein kapasitet på 20.000 tonn.

– Dette anlegget vil koste om lag to milliardar kroner, det syner det førebelse kostnadsestimatet. Vi håpar å kunne starte bygging i 2017, det er det som er planen no, seier gründer og dagleg leiar Kjell Audun Aasen til NRK.

Mange nye arbeidsplassar

– Har de estimert noko om kor mange arbeidsplassar det kan bli?

– Vi jobbar med det, men truleg 30 til 40 nye arbeidsplassar. Men vi har jo også bygging og design. Vi vil trenge mange med kompetanse. Det blir eit samspel mellom ulike kompetansefelt, slår Aasen fast.

Gründerane bak prosjektet, peikar på ei rekkje miljøfordelar ved å byggje eit så stort, landbasert anlegg. Dei ser føre seg mellom anna gjenbruk av spelvatn og avfall frå produksjonen.

– Slam, kan omsetjast til biogass. Avfallet frå biogassen kan bli gjødsel, seier Aasen.

Verdas største landanlegg for smolt i Florø

BASEOMRÅDE: Det nye anlegget skal etter planen byggjast like ved oljebasen i Florø.

Foto: Nekst AS

Jaktar på mykje kapital

Han og dei andre i selskapet Nekst, har knytt til seg finansiell ekspertise frå Sparebank 1 Markets i jakta på kapital til å realisere det gigantiske anlegget, som skal liggje like ved oljebasen i Florø.

– Vi trur jo at timinga er rett. Det er lite interesse for investering i til dømes olje, medan investering i sjømatnæringa er veldig interessant. Vi trur dette er eit prosjekt som vil gje god lønsemd, og er veldig framtidsretta, seier Aasen til NRK.

Målet er å produsere såkalla storsmolt på ein kilo, men Nekst opnar også for å bruke nye teknologi til å produsere enda større fisk på land.

Skal bruke mykje vatn

Det kan redusere tida laksen er i sjøen ned mot seks månader eller mindre. Det nye selskapet hevdar å kunne doble produksjonen av laks i sjøen og samstundes eliminere behovet for avlusing med bruk av medikament.

Gründerverksemda Nekst har inngått ein avtale med Flora kommune om levering av vatn til det planlagde anlegget. Dei peikar også på at dei vil ha behov for ei rekkje kompetente medarbeidarar innan mellom anna bioteknologi, vannkjemi og drift.

– Vi håpar å kunne tiltrekke oss kompetanse frå ei nedadgåande oljenæring, seier Ramsdal.