Kan det bli godkjent verdsrekord?

SOGNDAL (NRK): William Langeland (11) skal sende den spygrøne flaska 128,83 meter ned den sjølvlaga bobbana. Er det nok til å komme i Guinness rekordbok?

Med 128,83 meter må flaskebobbana i Sogndalsdalen vere den lengste. Det håpar William som vil i Guinness rekordbok.

GUINNESS?: Kan dei ha vore med på å sette verdsrekord i flaskebob?

– Bestefaren min var i Guinness rekordbok, og eg håper eg får arve det av han, seier William Langeland.

Saman med femten andre barn er William ivrig på å grave fram bobbana som skal vere så lang som mogeleg for at dette kan bli godt nok til å komme i Guinness-rekordbok.

Gjer sitt yttarste for å få rekord

Det er Veka-styret som har samla borna i Hodlekve for å sette verdsrekord i flaskebob. Alle er utstyrt med kvar sin spade med berre eit mål for auge, nemleg å lage verdas lengste flaskebobbane.

– Vi vil lage noko kjekt og litt alternativt. Då passar det med eit rekordforsøk på verdas lengste bobbane, fortel leiar for Veka, Karoline Piro.

I djup snø og bratte bakkar grev William og dei andre borna seg frå botn og fleire meter oppover, og gjennom solid konstruerte tunnelar.

Jubel for flaskebob

GRØN FLASKE: Denne flaska kom heilt i mål under forsøket.

Foto: May-Helen Rolfsnes / NRK

Strevsam graving

Etter tre timar med hardt arbeid kan dei konstatere at bana er 128,83 meter lang. Dermed er det duka for rekordforsøket alle har venta på.

William står nede ved målgongen og ventar spent på flaska. Snørrgrønt vatn gjer at han kan sjå flaska si ferd nedover bobbana.

– Kom igjen, ropar han.

Fleire forsøk må til før jubelen til slutt står i taket.

– No kjem eg sikkert i Guinness rekordbok, fortel ein fornøgd William.

Jubel etter rekordforsøk

JUBEL: Etter nokre forsøk jublar gjengen i målområdet for flaska som kom seg til mål.

Foto: Solveig Svarstad / NRK
Atle Steinar Solheim vart overraska med nyheita om at han er ein av fem nominerte
Over 80 barn var samla på Jølstraholmen for å tjuvstarte adventstida med pynting av pepperkakehus.
Å levera lekser på nett er ikkje lett når internett-tilgangen er dårleg. 
Men det ER realiteten for mange skuleelevar i distrikta. 
Skilnadane er store, trass i at bruk av data får ein stadig større plass i skulen.