Verdas beste sandvolleyballspelar blir volleyballspelar for å kome i OL-gullform

FØRDE (NRK): Noregs kanskje største håp i Tokyo-OL neste år, byter sand med parkett for å spisse gullforma.

Anders Mol

FRÅ SAND TIL PARKETT: Anders Mol er verdas beste sandvolleyballspelar. Han satsar hardt mot OL i Tokyo neste sommar, saman med partnar Christian Sørum.

Foto: Pavel Golovkin / AP

– Det kjennest veldig bra.

Gliset sit laust når Anders Mol signerer kontrakten. For første gong skal verdas beste sandvolleyballspelar måle seg med dei beste i norsk eliteserievolleyball.

Saman med makkar Christian Sørum er han blant Noregs største gullhåp i OL i Tokyo neste år. Mol og Sørum har vunne to EM-gull, verdsserien samanlagt, samt teke bronse i VM.

For å spisse forma etter sandvolleyballsesongen blir Førde Volleyballklubb neste stopp.

– Me har vakse opp med å kombinere sandvolleyball og volleyball innandørs. Det er ikkje nytt for oss, men no gjer vi det på eit litt høgare nivå, seier han.

Førde Volleyballklubb vann både serien og cupen førre sesong. Mol og Sørum er for tida ranka som verdas beste sandvolleyballpar. Satsinga til Førde Volleyballklubb var viktig for Mol, og han skildrar profesjonaliteten som unikt i norsk forstand.

– Dei har ein trenar som stiller opp, som også er tilsett her. Han stiller opp kva tid som helst du treng han.

Då han gjekk til den belgiske toppklubben Noliko Maaseik, var det rett frå norsk 1. divisjon.

– Du har aldri spela i eliteserien, føler du at du har noko uoppgjort?

– Absolutt. Eg har veldig mykje eg har lyst å gjere i eliteserien. Eg har sjølvsagt lyst til å bidra til cupgull med Førde, det hadde vore utruleg gøy.

Men det var ikkje berre det høge nivået som førte han til Sogn og Fjordane. Han kunne også vald å reise den kring time lange turen frå Strandvik utanfor Bergen til Nyborg.

– Eg er halvt sunnfjording. Mamma kjem frå Naustdal og besteforeldra mine bur i Naustdal. Eg bur der no, så det var veldig naturleg for meg å kome hit, seier han.

– Kva seier makkeren din til at du satsar innandørs?

– Han er uroa for at eg skal skade meg, men eg vil tenkje på han kvar gang eg går ut på bana. Eg kjem ikkje til å ta sjansar.

Far, og trenar, Kåre Mol seier til Bergens Tidende at han har gjeve OL-håpet klare avgrensingar under Førde-opphaldet.

– Vi skal ikkje gjere noko som kan skade oppkøyringa til OL. Han må ha ei gradvis tilnærming til parketten, og skal ikkje hoppe for mykje, seier han og fortel at sonen må registrere og rapportere om kvart hopp han gjer i den blå trøya.

Også Mathias Berntsen signerte for Førde i dag. Han kjem også til å satse for fullt for å kome til OL neste sommar.

Anders Mol signerer for Førde Volleyballklubb

GULLSIGNATUR: Både Mathias Berntsen og Anders Mol signerte onsdag for Førde. Dei to vil truleg spele høvesvis kant og diagonal for sunnfjordklubben.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Overrasking i natta

Beskjeden om at både Mol og Berntsen blir Førde-spelarar kom brått på nestleiaren i styret til Førde Volleyballklubb.

– Eg fekk nyss om det midt på natta, og då trudde eg ikkje det kunne vere sant, at noko slikt skulle skje oss, seier Jan Ove Hafstad.

Ei klar styrking av laget, både sportsleg og sosialt, meiner Hafstad. Laget har mista fleire sentrale spelarar sidan i fjor.

– Dette var den boosten vi trong denne sesongen, seier han, og held fram:

– Dette blir lagt merke til, og vi får kjempegode treningssamlingar. Dette bør vere førebilete for dei yngre talenta våre.

Også Førde-spelar Vitor Macedo gler seg over sine nye kollegaer.

– Det er ei ære å spele med desse to karane. Eg ser fram mot det, seier han.