Hopp til innhold

Vera (11) fekk spele for dronninga

Vera Hansen Folkestad (11) har vore veldig nervøs dei siste vekene. I dag skulle ho nemleg spele for sjølvaste dronninga.

Vera Hansen Folkestad (11) spelte piano for Dronning Sonja før lunsjen på Åmot Gard.

FEKK SPELE FOR DRONNINGA: Vera Hansen Folkestad har øvd i fleire veker. I dag spelte ho piano for dronning Sonja i operasalen på Åmot Gard. FOTO: Oddleif Løset.

– Eg har hatt veldig vondt i magen, men det gjekk over då eg byrja spele, seier den lyslugga 11-åringen.

Når NRK snakkar med den vesle musikalske spira har ho akkurat kome ut frå operasalen på Åmot Gard i Bygstad. Der inne har dronning Sonja fått høyre ho spele piano.

– Eg følte det gjekk veldig bra, seier Hansen Folkestad.

(Artikkelen held fram under)

På rundreise i Sunnfjord

Dronning Sonja kom i går til Sogn og Fjordane, der ho først besøkte United World College i Fjaler. Dronninga er skulen sin høge beskyttar, og har alltid gitt uttrykk for at skulen ligg hennar hjarte nær.

Fredag starta dagen for dronninga på Røde Kors-senteret på Haugland i Flekke, og då besøket der vart avslutta tidleg i ettermiddag gjekk turen til Åmot gard.

Den etter kvart så kjente operagarden i Gaular er restaurert og gjort om til eit kombinert gjestehus og kultursenter. Her har det mellom anna blitt spela opera og stelt i stand gourmetmåltid av meisterkokkar.

Gaular-ordførar Mathias Råheim fekk æra av å ønske dronninga velkommen til gards, før borna Alexander Flølo Pedersen og Håkon Santistevan overrekte dronninga blomster. Vidare fekk vertane Steinar Sørli og Yngve Brakstad ta imot dronninga.

Inviterte dronninga på fjelltur

Ute i gardstunet spelte Bygstad brassband opp, før dronninga fekk helse på representantar frå lag og organisasjonar i Gaular. Ho fekk mellom anna ei kort orientering om aktiviteten knytt til Storehesten og Fossesenteret.

Therese Myklebust frå Storehesten Opp nytta høvet til å invitere dronninga med til fjells.

– Vi veit at ho er veldig glad i flott og storslått natur og fjellturar, seier ho.

(Artikkelen held fram under)

Mykje folk møtte opp då Dronning Sonja vitja operagarden i Bygstad fredag.

BESØK: Dronning Sonja vitja fredag Åmot Gard i Bygstad. (FOTO: Oddleif Løset).

– Eg har øvd i tre veker

Etter kvart vart dronninga beden inn i operasalen på lunsj. Men før dei fekk maten var det musikalske innslag. Ei av dei som fekk vise fram talentet sitt for dronning Sonja var 11 år gamle Vera Hansen Folkestad.

– Eg går på kulturskulen og har spelt piano i tre år, fortel ho om bakgrunnen sin.

Inne på låven sette ho seg forsiktig bak pianoet med notane framfor seg, og spelte stykket «Morgenstemning».

– Eg kunne den ikkje då eg byrja øve, men no har eg øvd kvar dag i tre veker, seier ho.

– Har du vore spent?

– Eg har vore veldig spent, vedgår ho.

– Mange har sagt eg er heldig

I tida fram mot framføringa har ho også vore litt redd for at noko kunne kome til å gå gale.

– Men eg har skjønt at viss noko går gale, må ein berre fortsette, seier den stolte 11-åringen.

Men det gjekk veldig bra, og 11-åringen fylte låven med trillande vakker pianomusikk. Etterpå fekk ho applaus, også av dronning Sonja.

– Eg veit ikkje om det er så mange som har vore misunnelege på meg, men det er mange som har sagt at eg er heldig som får spele for dronninga, seier Vera etter ho er ferdig.

(Artikkelen held fram under)

Fekk vise fram skulpturane sin

Og det var ikkje berre det unge pianotalentet som var litt nervøs før møtet med dronninga. Skulptøren Hjalmar Lothe hadde fem av sine verk på utstilling ute på gardstunet då dronninga kom på besøk.

Dronning Sonja i samtale med kunstnaren Hjalmar Lothe på Åmot Gard

KUNST: Dronning Sonja i samtale med Hjalmar Lothe om hans skulpturar.

Foto: Oddleif Løset

– Eg håpar verkeleg at dronninga viser interesse for skulpturane mine, sa Lothe før han skulle få helse på dronninga.

Lothe var i mange år høgskulelektor i Østfold der han underviste i kunstfag. For snart fem år sidan flytta han til Bygstad der han i dag har eige atelier. Då han vart spurt om å vise fram nokre av verka sine under dronningbesøket var det ikkje nei i hans munn.

– Eit høgdepunkt

Også han var litt nervøs på førehand. Men etter at dronninga hadde brukt god tid på å sjå på verka hans, var han klar på at det var det ingen grunn til.

– Eg vart veldig glad då ho viste såpass stor interesse. Vi hadde ein god samtale, ho spurte og eg fortalde om skulpturane, seier Lothe til NRK.no etter at han har fått møtt dronninga Sonja.

Han legg ikkje skjul på at møtet blir eitt han seint vil gløyme.

– Eg må seie at dette blir eit høgdepunkt for meg, ja. Ho er oppriktig kunstinteressert, så det var veldig kjekt, seier Lothe.

– Eit utruleg spennande tiltak

Og då dronninga omsider skulle reise frå operagarden var også ho oppglødd over alt ho hadde fått sett og høyrt.

– Det var morosamt å få ei innføring i alt det spennande som skjer i regionen, sa dronning Sonja før ho skrytte av vertane og det dei har fått til med operagarden.

– Dette er eit utruleg spennande tiltak, og eg trur det kjem til å gå veldig bra. Det er berre å ønskje lykke til med alle gode idear, sa dronning Sonja til dei mange frammøtte pressefolka.