Hopp til innhold

Ver varsam - stor skogbrannfare

Det fine vêret vi er velsigna med har ei bakside. Det er svært tørt i terrenget og dermed stor fare for gras- og skogbrannar.

Skogbrann MAtrand

TEK LETT FYR: Skogbotnen er svært tørr, difor bør folk unngå alle former for open eld. Illustrasjonsfoto.

Foto: Kjell R. Hermansen / Glåmdalen

Meteorologisk Institutt gjekk torsdag ut med varsel om stor lokal fare for gras- og skogbrannfare i Sogn og Fjordane, sier statsmeteorolog Mette Skjerdal.

Mette Sundvor Skjerdal

FAREVARSEL: Statsmeteorolog Mette Skjerdal.

Foto: met.no

– Så dette er det viktig å vere obs på. Folk må vere varsame med bruk av open eld.

Sola og vinden kjem til å gjere det endå tørrare det komande døgnet. Først på laurdag kan det kome nokre regnbyer som kan fukte jorda og skogbotnen.

Fram til den tid bør alle som ferdast ute i skog og mark gjere sitt til at ein liten gnist ikkje fører til brann. Dei som tek med seg eingongsgrillar ut i naturen bør syte for at dei ikkje blir sett på underlag som kan ta fyr.