Ver på paringsturne i Sogn

ÅRDAL (NRK): Å vere ver i desse dagar er rimeleg travelt. I alle fall for Smedølen i Sogn.

Veren Smedølen i fjøset

MYKJE JOBB: Lamminga blir ofte sett på som den travlaste tida for sauebøndene. Men når søyene skal gjerast drektige i slutten av november, går det heitt for seg i fjøset.

Foto: Kaia Johnsen Viki / NRK

– Dette er den største veren vi har i ver-ringen vår, seier bonde Ole Bjarne Hovland på Naddvik i Årdal.

Han har fått besøke av veren Smedølen som har ein viktig jobb å gjere. For når søyene skal gjerast drektige i slutten av november, går det heitt for i fjøset.

Smedølen er på reise frå fjøs til fjøs i kommunane Aurland, Lærdal og Årdal. Vel inne blant sauene, tek veren seg ein liten tur.

– Han snuser på søyene for å finne ut kven som er i brunst, seier Hovland.

Kort hyrdestund

Ole Bjarne Hovland

PÅ BESØK: Bonde Ole Bjarne Hovland låner Smedølen i ei veke.

Foto: Kaia Jonsen Viki / NRK

I starten er dei ikkje så veldig interesserte, men etter å ha brukt sjarmen sin er Smedølen klar for litt action. Den eine etter den andre får besøk av veren. Noko som er fort gjort.

– Det er ikkje akkurat så lange hyrdestunda, ler bonden.

Hovland har mange sauer og må også han mange vêrar innom i desse travle dagane.

– Det er 30 andre verar i ringen, og eg får besøk av fleire.

Sauebonden reknar med at det blir fødd rundt 300 lam på garden hans. Smedølen er ikkje far til alle desse. I løpet av den veka den store veren er på besøk, parar han seg med 10 sauer.

– Det blir maks tre om dagen, for han blir slakkare og slakkare utover ettermiddagen. Til saman blir det om lag 25 lam frå dei 10 sauene.

IVRIG: Smedølen veit godt kva jobben hans er.

Klar for ny gard

Men no har vêren gjort jobben sin på denne garden og ferda går vidare. No ventar sauene på garden til Per Bjørkum.

– Dette er starten på ein ny sesong. Det er ei viktig tid, og det er interessant å følgje med og få det til best mogleg.

Også i denne fjøsen gjer veren jobben sin, men det kan vere slitsamt til tider. Det er ikkje alltid like lett å prestere når ein må.

– No må han nok ha ein liten pause. Det er ei slitsam tid og fysisk krevjande å pare så mange sauer. Vi må fore verane godt, slik at dei er godt rusta, seier Bjørkum.

Skal bli seld

Smedølen blei fødd våren 2016 og er no i sin tredje sesong. Han er no rekna som ein premiever.

– Vi har brukt han så lenge at vi skal selje han vidare. Smedølen har brukt opp genane sine hos oss i dette området, seier Ole Bjarne Hovland.

– Kva kostar ein god ver?

– Han blir nok seld for 5000–6000 kroner, reknar eg med.

Ver og sauer

BRUKAR SJARMEN: Smedølen prøver først å få søyene interesserte.

Foto: Kaia Johnson Viki / NRK