Kråka fyr, Vevang
Foto: Steinar Vikås

Vêr og vind i Sogn og Fjordane

Oppsummert

Her får du siste nytt om vêr og uvêr i Sogn og Fjordane. Har du tips/bilde/video? Ring 57 72 42 42, eller send inn til tipsportalen eller send oss ei melding på Facebook.

  • Ikkje best rusta for ekstremvêr

    I dag vart ein rapport utarbeidd av forsikringsselskapet If og CICERO, senter for klimaforsking publisert. Han viser kva for kommunar i Noreg som er best rusta for ekstremvêr. Blant dei topp 25 kommunane er ingen av dei i Sogn og Fjordane. – Eg er ikkje uroa for det som kjem fram i rapporten, men eg ser at det er ein stor jobb å gjere for å vere budd på klimaet i framtida, seier fylkesberedskapssjef Haavard Stendsvand.

  • NGI vurderer rasfare

    NGI kjem til Slåtten for vurdere rasfaren ut frå same kriterium som nyleg er gjort 19 andre stader i Jølster, skriv Firda. Rapporten som vart lagt fram i juni fortel at dei fleste hus i Jølster ligg relativt trygt. 177 bygningar ligg innanfor gult belte, som tilseier at det kan gå eitt ras kvart tusen år. Ti bygningar ligg innanfor grensa for 100-årsras.

    Raset i Slåtten
    Foto: Steinar Lote / NRK