Hopp til innhold

Ver obs på glatte vegar i morgontimane

Det vart meldt om glatte vegar fleire stader i Sogn og Fjordane måndag morgon. Både meteorologen og Vegtrafikksentralen bad folk køyre forsiktig.

Kringla på E39

VER FORSIKTIG: Slik ser det ut på E39 ved Kringla, like ved fylkesgrensa mellom Sogn og Fjordane og Hordaland måndag morgon.

Foto: Statens vegvesen/webkamera

På Vegtrafikksentralen i Lærdal hadde operatør Jan Erikstad det svært travelt i morgontimane.

Det kom inn stadig nye telefonar om glatte vegar frå heile fylket. Entrepenørane er ute for å gjere tiltak, opplyste Erikstad.

Frå E39 mellom Matre i Hordaland og Oppedal ferjekai i Gulen kom det inn fleire meldingar frå bilistane. Også NRK vart kontakta av ein sjåfør som bad folk vere obs på denne strekninga.

– Det er spinnglatt nedover der, fortalde innringaren like før klokka 07.30

– Der er det veldig glatt, ja. Entreprenøren er ute for å salte, stadfesta Erikstad ved Vegtrafikksentralen.

Meldingane han fekk inn om glatte vegar kom spesielt frå ytre strok av fylket.

I 09.30-tida opplyste Erikstad at forholda på vegane hadde betra seg. Det er salta fleire stader.

– Det har vore ein del nattefrost

Det har mellom anna kome meldingar om glatt veg i Hyllestad, og frå fylkesveg 611 mellom Naustdal og Stavang, opplyser Erikstad.

Ein innringar fortel også om veldig glatt veg på fylkesveg 651 over Stigedalen i Nordfjord, medan mjølkebilsjåføren i Askvoll på ei tekstmelding skriv at det er ymt til glatt veg enkelte stader i Askvoll.

Statsmeteorolog Aslaug Skålevik Valved ved Vêrvarslinga på Vestlandet seier det har vore klart og fint vêr over store delar av fylket i natt, og at det naturleg nok gir sitt utslag på vegane.

– Det er lite vind ute, nokså lite skyer, men lokal tåke enkelte stader. På grunn av klarvêret har det også vore ein del nattefrost og glatte vegar. Det har vore minusgrader fleire stader, så det er absolutt grunn til å køyre forsiktig.

Ved politiet sin operasjonssentral i Sogn og Fjordane hadde dei klokka 08 ikkje fått meldingar om trafikkuhell på grunn av det glatte føret.

Utover dagen er det mykje fint vêr i vente i Sogn og Fjordane. Til kvelden aukar vinden og det vil skye til. Seint i kveld eller til natta kjem det regn, først i ytre strok nord for Sognefjord, og etter kvart også i resten av fylket.