Hopp til innhold

Ver obs på glatte vegar

Det er vel først no at snøen har lagt seg skikkeleg også i låglandet. Slikt plar ofte føre til problematiske forhold på vegane.

E39 ved Vassenden i Jølster

SNØFALL: Snøen legg seg både i høg- og låglandet. Bilistar blir oppmoda om å køyre varsamt.

Foto: Webkamera / Statens vegvesen

Naudetatane har i morgontimane rykka ut til ei trafikkulukke på riksveg 614 mellom Grov og Norddalsfjorden.

Det skal ikkje vere personskade.

– Dei involverte melder om glatt vegbane, men patruljen vår er førebels ikkje framme, opplyser operasjonsleiar Marianne Føleide ved Vest politidistrikt i Florø.

Uhellet skjedde ved Liavatnet, kring ein kilometer frå Grov mot Norddalsfjord bru. Det vart meldt klokka 0713.

– Ein bil med to personar har sklidd av vegen. Det skal ikkje vere personskade, men bilen skal vere totalvrak, seier Føleide.

Ved Vegtrafikksentralen i Lærdal seier vaktoperatør Jan Erikstad st dei førebels ikkje har fått meldingar om glatt vegbane.

– Men eg ser på kamera at det er jamt med snø, både i høgda og i låglandet, så folk kan nok vere obs og ta omsyn til snøfallet, seier han.