Hopp til innhold

Så lett kan julepynten ta fyr

FØRDE (NRK): Jula er høgsesong for brann. Vi pyntar med både levande og elektriske lys, inne og ute. – Skru av lyset når du ikkje er heime, oppmodar brannvesenet.

Brannvesenet i Førde syner fram kva som hender når julepynt tar fyr. Viser også kva som hender når ein prøvar å slokke ei brennande smultgryte med vatten.

SJÅ VIDEO: Brannvesenet i Førde syner fram kva som hender når julepynt. Viser også kva som hender når ein prøver å slokke ei brennande smoltgryte med vatn.

– Vi er mange som elskar å pynte til jul, og då er det viktig at ein har eit elektrisk system som er dimensjonert for pyntinga, seier direktør i Norsk brannvernforeining Rolf Søtorp.

Mange hus er pynta med adventsstjerner, adventsstakar og julelenkjer. Desse står gjerne på heile døgnet. Brannvernforeininga har ei klar oppmoding til dei som vil ha slikt i hus.

– Det er viktig å skru av alle lys når ein ikkje er i rommet. Heldigvis har vi ikkje hatt mange tilfelle av brannar som følgje av elektriske julelys, men denne pynten er eit veksande fenomen, og difor synest vi det er viktig å ha merksemd rundt det, seier Søtorp.

Brannvernforeininga fortel om farar knytt til skøyteleidningar ute og elektriske anlegg som ikkje taklar den straumstyrken ein har behov for.

Nesten dobbelt så mange brannar

Tal frå Finans Noreg viser at 46 prosent fleire bustader brenn i desember og januar samanlikna med ein gjennomsnittleg månad elles i året.

Jan Svoen

BER FOLK PASSE PÅ: Jan Svoen

Foto: Birgitte Vågnes Bakken / NRK

Brannstatistikken deira viser at særs mange brannar i denne perioden oppstår som følgje av open eld frå stearinlys, peis/omn og røyking.

– Her i området har det ikkje vore så veldig travelt i sjølve jula, men vi merkar gjerne litt i forkant. Eg trur folk er litt stressa og gløymer å slå av plater og slikt, seier Jan Svoen i brannvesenet i Førde.

Sjå bilete frå då vi testa jula sine brannfeller:

Brennande julepynt
Foto: Birgitte Vågnes Bakken / NRK

– I utgangspunktet skal det ikkje ta fyr, men det er klart at om ein har gamle lys eller noko ein har kjøpt billig på internett frå Kina, kan ein ikkje garantere noko. Ein bør uansett ha på slike lys berre når ein er i huset, svarar brannmannen på spørsmål om elektrisk julepynt er farleg.

Føretrekker LED-lys

– Eg pyntar med stjerner eg heng opp, der det er snurra masse små LED-lys rundt. Eg trur ikkje LED-lys er så brannfarlege sidan dei ikkje blir varme slik som vanlege pærer, seier Berit Nedrebø.

Ho har aldri opplevd farlege situasjonar med dei elektriske lysa, og passar godt på når ho brenn levande lys.

Berit Nedrebø

LED-LYS: Berit Nedrebø synest det er tryggare å pynte med elektriske lys.

Foto: Birgitte Vågnes Bakken / NRK

Jan Svoen i brannvesenet er samd i at det er tryggare med elektriske batterilys.

– Dei har ikkje den varmen ein har i eit stearinlys, og det er ikkje same fare om dei veltar, men ein må passe på å slå dei av når ein ikkje er i rommet, seier han.

Ein bør likevel vere obs på også denne typen lys. Brannvernforeininga skriv om eit LED-kubbelys som tok fyr.