Hopp til innhold

Veolia vurderer å klage

Veolia Transport Norge vurderer å klage på avgjerda om at Fjord 1 Fylkesbaatane får drive ferjestrekninga Mannheller-Fodnes.

Frå ferjekaien på Fodnes

Torsdag vart det kjent at Fjord 1 får drive ferjestrekningane i indre Sogn.

Konsernsjef Kjetil Førsvoll i Veolia Norge vedgår at dei ikkje oppfylte krava på Dragsvik-Hella-Vangsnes. Men han meiner dei gjer det på Mannheller-Fodnes.

Førsvoll seier han er overraska over at Statens Vegvesen vraka tilbodet deira.Veolia eig Finnmark Fylkesrederi, som hadde det lågaste tilbodet på å drive ferjestrekningane.