Hopp til innhold

Her har det vore kø i fleire timar - framleis lang ventetid

Bilistar som skulle frå Sunnfjord og sørover på E39 mot Bergen måtte søndag ettermiddag og kveld bu seg på venting på Lavik ferjekai.

Kø før Lavik

VENTING: Det var kring ein times ventetid på ferje frå Lavik til Oppedal.

Like før klokka 20 var det framleis kring ein time ventetid på ferja frå Lavik til Oppedal.

– Det er god trykk. Vi hadde venta at det skulle dabbe av no, men det er framleis stor trafikk, sa driftsvakt i Fjord1, Arild Solheim til NRK.

Like etter klokka 20 melde bilistar at det var minst to kilometer lang bilkø på staden.

Sjølv om det hadde vore kø sidan klokka 17, tok folk det stort sett med godt humør, fekk NRK opplyst.

– Vi venta kring ein time, men no er vi nett komne om bord i ferja. Det var stort sett god stemning med sol, så det var inga syting, fortalde Stian Turøy som var på veg til Bergen.

Ferjesambandet gjekk i vanleg rute.

– Vi har normal drift med tre ferjer, men det er kring 40 minutts ventetid. Vi gjer så godt vi kan med det materialet vi har, sa Solheim i Fjord1.

– Det er uklart kor lenge det har vore kø, men vi har fått nokre telefonar dei siste 30 minuttane, sa Roger Nedberge Hille ved Vegtrafikksentralen i Lærdal til NRK like før klokka 18.

Ein times tid må bilistane vente for å kome med ferja frå Lavik på E39.

KØ: Bortimot ein time måtte bilistane som skulle til Bergen vente for å kome med ferja ved Lavik på E39.

Foto: Stian Turøy