SISTE: Klokka 20.30 melder seier Torbjørn Vik i Fjord1 at køane byrjar å forsvinne.
– Gulen gjekk rundt klokka 20.30 frå Lavik, og då stod det eit par trailerar og fire, fem personbilar att på kaia. Det byrjar å normalisere seg no, og på dette tidspunktet stoggar tilsiget av nye bilar, seier Vik.
Lang ventetid
– Sogn skulle gått 17.30, men var framme med kaien klokka 17.50, seier driftssjef i Fjord1, Torbjørn Vik.
Han seier at dei neste par timane, mellom klokka 18 og 20, erfaringsmessig er dei med mest trafikk langs E39.
– Folk må bu seg på minimum 45 minuttar ventetid. Køen på Lavik-sida går opp forbi bensinstasjonen, og det sig på med bilar, seier Vik.
Erstatningsferje med mindre kapasitet
Lavik-Oppedal er vanlegvis mest trafikkert på fredagar og søndagar.
I går fekk ferja Lifjord problem, og måtte erstattast med Gulen. Trass berre ei ferje gjennom store delar av laurdagen, vart det ikkje lange køar. Laurdag er dagen med minst trafikk. Men i dag har gårsdagens problem skapt køar.
– Gulen, som kom inn for Lifjord, har mindre kapasitet. Noko av årsaka til køane er at hovudferja er ute. Gulen har mindre kapasitet, seier Torbjørn Vik.