Ventetid på E16 i Sogn

Grunna vedlikehaldsarbeid må bilistar på veg gjennom Lærdal bu seg på ventetid ved Borgundtunnelen. Statens vegvesen opplyser at det blir arbeidd mellom klokka 09 og 13. Bilistar må vente på følgjebil. Kolonnetidene er tilpassa rutegåande trafikk.