Hopp til innhold

Ventetid på E16 i Aurland

Frå 1. august og i to år framover må bilistane rekne med ventetid om dei skal køyre E16 gjennom Aurland på kvelds- og nattetid.

Flåm

STARTAR HER: Frå 1. august blir det stenging om natta og kolonnekøyring i Fretheimstunnelen, som går bak sentrum i Flåm.

Foto: Merete Husmo Høidal / NRK

For då startar Statens vegvesen på ei omfattande utbetring av fire tunnelar, Fretheimstunnelen, Onstadtunnelen, Flenjatunnelen og Gudvangatunnelen.

Dei tek Fretheimstunnelen først. Det blir arbeidd om natta, frå klokka 20 til 05.30, alle dagar utanom natt til søndag. Frå 1. august blir det difor kolonnekøyring gjennom tunnelen i dette tidsrommet. Ventetida blir opp til ein time.

Målet med arbeidet er at tunnelane etterpå skal tilfredsstille dagens krav og forventa standard, skriv Statens vegvesen i ei pressemelding.

Mest arbeid i Gudvangatunnelen

I Gudvangatunnelen skal vegvesenet sprenge ut mykje fjell for å få plass til nye tekniske bygg og nytt utstyr i tunnelen. Dette arbeidet vil ta om lag eitt år. I tillegg kjem eit stort arbeid med nye elektroinstallasjonar og opprusting av sikkerheitsutstyret.

I Fretheim- , Onstad- og Flenjatunnelen skal det gjerast elektroarbeid parallelt med sprengingsarbeid i Gudvangatunnelen. Her blir det eige kolonneopplegg.

Når tunnelane er ferdig oppgradert skal det vere nye lys i tunneltaket, ny ventilasjon, kamera- og radarovervaking, nye naudstasjonar med brannapparat og telefon, nye evakueringslys, nye tekniske bygg med transformatorar og fjernstyrte infotavler på tilførselsvegane

Arbeidet skal utførast av Vossa-firmaet Flage Maskin. Arbeidet med alle fire tunnelane skal vere ferdig hausten 2018.