Hopp til innhold

Venter dei første pasientane i splitter nytt legevaktbygg

FØRDE (NRK): I ettermiddag blir dei første pasientane i det splitter nye legevaktbygget for Sunnfjord og ytre Sogn tekne imot. Nybygget ligg vegg i vegg med sjukehuset i Førde og kostar 150 millionar kroner.

Borghild Reiakvam

NYOPNING: Borghild Reiakvam, administrativ leiar ved den flunkande nye legevaktsentralen, gler seg til dei første pasientane kjem. Den nye legevakta skal ta imot pasientar frå ni kommunar i Sunnfjord og ytre Sogn.

Foto: Bård Siem / NRK

Klokka 15.30 i ettermiddag skal dei første pasientane takast imot og alt må gjerast klart. På medisinlageret er ein sjukepleiar i full gang med å legge legemidlane på plass i rett hylle. På naborommet held snikkarar på med sluttspurten.

– Vi er i rute og gler oss til å ta imot dei første pasientane, seier Borghild Reiakvam, administrativ leiar for Sunnfjord og ytre Sogn interkommunale legevakt.

Den nye legevaktsentralen skal ta imot pasientar på kveldar og helg frå ni ulike kommunar. Desse er Askvoll, Hyllestad, Fjaler, Høyanger, Balestrand, Jølster, Naustdal, Gaular og Førde.

– Befolkningsgrunnlaget for legevakta er på i overkant av 40.000. Vi disponerer om lag 500 kvadratmeter i det nye bygget, fortel Reiakvam.

Marianne Sund Erlingsdotter

GLER SEG: Sjukepleiar Marianne Sund Erlingsdotter er ei av dei som skal ta imot dei første pasientane ved den nye legevaktsentralen.

Foto: Bård Siem / NRK

Nybygget kostar 150 millionar kroner og er eigd av Helse Førde. Helse Førde leiger igjen ut om lag ein tredel av bygningsmassen til legevaktsentralen.

– Her er det fint og triveleg. Det er rett og slett fantastisk, seieradministrasjonssjefen.

Tidlegare delte legevakta lokale med akuttmottaket ved Sentralsjukehuset i Førde. Inngangspartiet ligg like ved hovudinngangen til Sentralsjukehuset i Førde.

Reiakvam meiner pasientane vil bli tekne betre imot i det nye bygget enn det vart tidlegare.

– Dei nye lokala gjer at det blir lettare å skjerme pasientar, det blir rolegare på legekontora og det blir eige venterom som berre legevaktpasientar skal bruke. Vi har også ein eigen sengepost med sju senger. I tillegg har vi ei eiga seng for pasientar med rus og psykiatri, seier ho.